Seier opp i protest mot helsekutt

Sjukepleiar meiner overvakingsavdelinga ved sjukehuset i Lærdal vert drive uforsvarleg. No seier ho opp i protest.

Overvakinga ved Lærdal sjukehus
Foto: Bente Øien Hauge

Overvakingsavdelinga i Lærdal vert drive på ein uforsvarleg måte, meiner sjukepleiarar ved sjukehuset.

No søkjer fleire seg bort frå sjukehuset i Lærdal.

- Det går ei grense for kor mykje du som sjukpleiar kan finne deg i. Når du ser at det blir uforsvarleg, greier du ikkje å jobbe der lenger. Det kjennest som om ein forlet eit synkande skip, seier Liv Marie Skjerdal.

Overvakinga ved Lærdal sjukehus

TRONGT: Den nye overvakinga ved Lærdal sjukehus har skapt reaksjonar frå dei tilsette.

Foto: Bente Øien Hauge

Blir kvalm når ho kjem på jobb

For å spare pengar valde Helse Førde i haust å innlemme overvakingsavdelinga i ei anna avdeling ved Lærdal sjukehus.

Det har i etterkant skapt reaksjonar hos dei tilsette ved sjukehuset.

- Det er ikkje kjekt å kvi seg for å gå på jobb. Eg vert kvalm når eg kjem i garderoben. Eg veit at kollegene eg jobbar med alle har sett seg om etter jobb, seier Skjerdal.

- Det var nokon som var veldig imot omlegginga. Det er heilt greitt at dei tek konsekvensen av det og sluttar, seier Jon Bolstad.

- Dette er ei god løysing

Den administrerande direktøren i Helse Førde er ikkje samd i at det er uforsvarleg å drive overvakingsavdelinga slik dei gjer i dag.

Lærdal sjukehus

VIL BORT: Sjukepleiar Liv Marie Skjerdal ønskjer seg bort frå sjukehuset i Lærdal. Ho meiner overvakingsavdelinga ikkje blir drive forsvarleg, og blir kvalm når ho kjem på jobb.

Foto: unknown / NRK

- Eg meiner det er ei god ordning. Vi hadde ikkje gjort dette, dersom vi ikkje trudde det var ei god løysing, seier han.

- Det positive er at sist vi lyste ut stillingar, var det heile åtte søkjarar. Så det ser ut som om det er lettare å få tak i kvalifisert personell, seier han.

I ettermiddag er det markering for lokalsjukehuset i Lærdal.