Hopp til innhold

Lei av runde svar

- Det er frustrerande at Arbeidarpartiet er så uklare når dei definerer eit lokalsjukehus. Det seier Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

Lærdal sjukehus
Foto: unknown / NRK

Helseministeren var lite konkret

Helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen vart denne veka utfordra av tidligare leiar i sosialkomiteen på Stortinget, Harald T Nesvik frå Frp. Han ville vite kva som er definisjonen på eit lokalsjukehus. Og Strøm- Erichsen svarte:
- Det er ingen eintydig definisjon av kva tilbod og personalgrupper eit lokalsjukehus skal ha.

Har sett seg lei på runde svar

Nesvik var ikkje nøgd med svaret. Han meinte det var lite konkret. Han får full støtte fra Bente Øien Hauge i Forsvar Lærdal sjukehus.

- Arbeidarpartiet må ta utfordringa og definere kva eit lokalsykehus skal vere. Det slit på både personale, pasientar og innbyggjarar at det ikkje er sagt kva funksjonar eit lokalsjukehus må ha, seier ho.