Samla 3312 underskrifter for føden

Kampanjen «Forsvar føden i Lærdal» har fått inn over 3300 signaturer til støtte for fødestova ved lokalsjukehuset. Kampanjeleiar Linda Kvam Bjørkum presenterte talet under folkemøtet om Lærdal sjukehus.

Bente Øien Hauge, Linda Kvam Bjørkum og Camilla Grøttebø
Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

For litt over to veker sidan starta underskriftskampanjen «Forsvar føden i Lærdal» - og i går kunne kampanjeleiar Linda Kvam Bjørkum presentere resultatet: Heile 3312 personar har skrive under på sin støtte til fødestova.

- At ordføraren i vår eigen heimkommune gjekk ut i meda og ville gje frå seg føden, fekk begeret til å flyte heilt over. Vi måtte berre gjere noko for å få frustrasjon over i handling, seier Bjørkum.

Reagerte på eigen ordførar

Kampanjeleiaren presenterte tala for underskriftsaksjonen under folkemøtet om Lærdal sjukehus måndag kveld.

Til stor applaus frå salen konkluderte Bjørkum:

- Er ikkje dette bra, så veit ikkje eg!

Kampanjen starta som ein reaksjon på at Lærdal-ordførar Arne Sanden gjekk ut i media og gav opp den forsterka fødestova ved lokalsjukehuset i kommunen. Det innsamla talet signaturar enda over 1000 høgare enn talet på innbyggjarar i Lærdal kommune.

ARTIKKELEN HELD FRAM UNDER BILETET

Folkemøte i Lærdal

STORT FRAMMØTE: Salen var full under folkemøtet om Lærdal sjukehus.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

Fryktar nedlegging av ortopedien

Arne Sanden var til stades på folkemøtet, og forsvarer framleis standpunktet sitt.

- Eg kunne sjølvsagt enkelt og greitt hatt fokus på mitt eige omdømme, der eg stod på barrikadane og skreik saman med alle andre. Men det som då hadde skjedd, er at ortopedien ved Lærdal sjukehus hadde blitt nedlagd, seier ordføraren.

- Har registrert stort engasjement

Informasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde fekk i går lista med underskrifter. Han rosar engasjementet i saka, men kunne ikkje love noko som helst.

- Dette er ting vi tek med oss, seier han.

Panelet m/Arne Sanden, sjukepleiar Sigrid Lysne, Arne Eithun, Petter Øgar og Frode Myklebust

DISKUTERTE SJUKEHUSET: Dette var panelet under folkemøtet om Lærdal sjukehus. Frå venstre Arne Sanden, sjukepleiar Sigrid Lysne, informasjonssjef Arne Eithun, fylkeslege Petter Øgar og Frode Myklebust.

Foto: Ole Ramshus Sælthun / NRK

- Slik at underskriftskampanjen og meiningane her vil syne att i arbeidet framover?

- Kva styret konkluderer med til sjuande og sist - og ikkje minst kva Helse Vest kjem opp med i sin regionale fødselsplan - står att å sjå. Men eg trur nok at dei har registrert dette engasjementet, seier Eithun.