Hopp til innhold

– Stel frå norske skipsvrak og legg det ut for sal på internett

Plyndring av skipsvrak langs norskekysten har blitt eit stort problem, meiner Gulen dykkesenter.

Dykkar ved skipet Oldenburg utanfor Vadheim

SKIPSVRAK: Fleire av dei mange tusen skipsvraka langs norskekysten er populære mål for dykkarar. Gulen dykkesenter meiner plyndring frå desse skipa no har blitt eit stort problem.

Foto: Christian Skauge www.scubapixel

– Dette er veldig trist, seier Monica Bakkeli som driv dykkesenteret i Gulen.

Ho seier dei stadig oppdagar at gjenstandar forsvinn frå vraka dei dykkar ved. I dei verste tilfella har fleire titals gjenstandar ifølgje Bakkeli forsvunne.

Monica Bakkeli og Ørjan Sandnes

INNSTRAMMING: Monica Bakkeli og Ørjan Sandnes driv Gulen dykkesenter. Dei vil ha ei innstramming av reglane for utanlandske dykkarar.

Foto: Privat

– Dette er gjort av dykkarar som har vore på ferie i Norge. Dei tek ut vrakdelane med brekkstong, og tek dei med seg heim, seier ho.

Straffa etter kulturminnelova

Langs norskekysten ligg tusenvis av skipsvrak. Fleire nye, men også mange historiske. Mange er populære dykkarmål, men ikkje alle har like stor respekt for skipa, meiner Bakkeli. Dykkesenteret er lei av at dykkarar stel både lause og faste gjenstandar.

– For oss har dette stor historisk verdi, seier Bakkeli.

Tjuveri frå skipsvrak er straffbart uansett, men skip som er eldre enn 100 år blir rekna som kulturminne. Tjuveri herfrå blir straffa etter kulturminnelova.

For Bergen sjøfartsmuseum er alle tjuveri uakseptable, seier amanuensis Arild Marøy Hansen.

– Vraka ligg der som tidskapslar vi kan oppleve. Dykkarar i første omgang, i andre omgang den marinarkeologiske forvaltninga som kan få kunnskap ut av det.

Dykkar ved skipet Oldenburg utanfor Vadheim

POPULÆRE DYKKARMÅL: Skipet Oldenburg ligg utanfor Vadheim i Høyanger og er eit av mange populære dykkarmål langs norskekysten.

Foto: Christian Skauge www.scubapixel

– Har ikkje same respekten

Gulen dykkesenter arrangerer dykketurar til 22 skipsvrak utanfor Hordaland og Sogn og Fjordane. Då er det strengt forbode å røre skipa, men når folk dykkar i privat regi er det lite kontroll.

Dykkesenteret merkar at alt frå vindauge til koppar og fat forsvinn frå vraka. Seinare finn dei tinga på utanlandske nettsider, fortel Bakkeli.

– Utanlandske dykkarar har ikkje same respekten som nordmenn. Dei øydelegg gjerne, tek med seg ting, og legg det ut for sal på internett.

– Eit lite miljø

Ifølgje Økokrim er det dei siste ti åra registrert sju tilfelle av tjuveri frå skipsvrak rekna som kulturminne. Her er nordmenn i fleirtal.

Men leiar for miljøkrimavdelinga, Hans Tore Høviskeland, har ikkje samla oversikt over skipsplyndringa.

– Vi har inntrykk av at det i enkelte tilfelle kan vere utanlandske dykkarar som står bak denne typen lovbrot. Men eg trur det er eit lite miljø.

Hans Tore Høviskeland, leder Miljøkrim-avdelingen i Økokrim

LITE MILJØ: Hans Tore Høviskeland i Økokrim meiner det er ei lita gruppe utanlandske dykkarar som plyndrar skipsvrak.

Foto: Peter von Tangen-Jordan / NRK

Vil ha norsk representant i båten

Gulen dykkesenter meiner det er på tide å stramme inn reglane for utanlandske dykkarar. NRK har tidlegare fortalt at av dykkarar som døyr i Norge, er utlendingar i fleirtal.

Både dette og lovbrot under vatn kunne vore unngått, seier Bakkeli som vil ha reglar om ein norsk representant i alle dykkarbåtar.

Høviskeland er usikker på om reglane for utanlandske dykkarar bør strammast inn.

– Vårt inntrykk er at dei fleste dykkarar utøver sporten for å oppleve natur og kultur under vatn, og at dei følgjer regelverket.