Hopp til innhold

Denne kommunen hadde lågast valdeltaking i Hordaland

Kvinnherad kommune vil oppretta fleire valkrinser etter rekordlåg valdeltaking i haust. Talet på krinsar vart redusert før valet. Det førte truleg til eit protestval.

Søral Aluminium på Husnes i Kvinnherad

Søral Aluminium på Husnes er ei hjørnesteinsbedrift i Kvinnherad.

Foto: Jostein Viestad / Aerophoto

– Eg trur at den låge deltakinga skyldast at ein reduserte talet på valkrinsar så mykje som ein gjorde. Sjølv synest eg dette var alt for dramatisk, seier nyvald ordførar Peder Sjo Slettebø (H).

Peder Sjo Slettebø

UROA: Ordfører Sjo Slettebø er uroa over at valdeltakinga i Kvinnherad var lågast i Hordaland både ved kommune- og fylkestingsvalet i år.

Foto: Hordaland fylkeskommune

Kvinnherad kommune hadde i år den lågaste valdeltakinga i heile Hordaland. Nesten halvparten av kvinnheringane lét nemleg vere å stemme. Valdeltakinga var på 56,3 prosent, mot 65,4 for fire år sidan. Ved fylkestingsvalet var deltakinga så låg som 48,6 prosent.

Samstundes vart talet på valkrinsar kraftig redusert. På Husnes Storsenter er dei ikkje i tvil. Dette var årsaka til den låge valdeltakinga.

– Når du skal køyre heilt frå Utåker til Husnes for å stemme så gjer ikkje folk det i dag. Før var det mogeleg å stemme i kvar einaste bygd. Så vart talet på valkrinsar sett ned til fire, Då protesterte folk, seier ei dame vi møter.

Ville spara penger

Det var kommunestyret som i fjor valde å redusera talet på valkrinsar frå 23 til fire.

– Mellom anna for å spara pengar, fortel Geir Mogren, økonomisjef og valansvarleg i Kvinnherad kommune.

– Årsaka til reduksjonen var at det var 23 kretsar, nokre med under 100 veljarar. Kostnadane med dette var rimeleg store. Dessutan har vi pålegg frå departementet om å etter kvart ordne med elektronisk stemmegjeving, og det vart sagt frå departementet si side at det skulle skje alt frå 2015. Det gjekk departementet likevel tilbake på, slik at dette først blir mogeleg frå valet i 2017.

Ordfører Sjo Slettebø er uroa over at valdeltakinga i Kvinnherad var lågast i Hordaland både ved kommune- og fylkestingsvalet i år.

– Eg synest det er veldig alvorleg. Eg har sagt frå dag ein at vi no skal sjå på dette og kva vi kan gjere for å få valdeltakinga opp.

– Ikkje noko problem å røysta

Men fleirtalet sa ja til samanslåing av valkrinsane. Deriblant dåverande ordførar Synnøve Solbakken (Ap).

– Kvinnherad kommune tilbydde ambulerande røystemåtar. Mellom anna var det mogelegheit for at ein kunne få stemme heime hos seg sjølv. Det var ikkje noko problem å få gitt frå seg røysta si.

Når Synnøve Solbakken høyrer at Kvinnherad hadde den lågaste valdeltakinga i Hordaland tenker ho at det er som i elles i landet.

– Kvinnherad merkar seg ikkje ut i nokon måte i forhold til det.

Ordførar Synnøve Solbakken

KUNNE RØYSTE: – Kvinnherad kommune tilbydde ambulerande røystemåtar, seier dåverande ordførar Synnøve Solbakken (Ap).

Foto: Ingfrid Fossåskaret / NRK

– Folk vart skuffa

Redaktør i lokalavisa Kvinnheringen, Tomas Bruvik, følgjer politikken tett. Han seier kvinnheringane er godt vane med at valet er desentralisert.

Tomas Bruvik

SKUFFA: - Når ein no måtte reise i både ein og to mil trur eg mange har protestert ved å halde seg heime, seier redaktør i lokalavisa Kvinnheringen, Tomas Bruvik.

Foto: Jonn Karl Sætre / Kvinnheringen

– Denne gangen vart folk skuffa. Det har vore høgtid å ta på seg dressen å gå for å putte stemmeseddelen i urna i eigen heimbygd. Når ein no måtte reise i både ein og to mil trur eg mange har protestert ved å halde seg heime.

Det tar ordføraren på alvor. No lovar han å få ei ny vurdering av talet på vallokale før neste val.

– Eg vil be kommuneadministrasjonen legge fram ei sak for valstyret der ein evaluerer det som skjedde ved årets val. Så vil vi, og det trur eg at eg kan seie på vegner av Høgre og Senterpartiet som har fleirtal i kommunestyret, opprette fleire valkretsar til neste val, seier Slettebø.