Hopp til innhold

– Har tura fram som ein bulldosar

Brannsjef i Sogn Brann og Redning rasar mot DSB. – Direktoratet har oppført seg som ein bulldosar i saka om nedlegging av alarmsentralar, meiner Johnny Skjerping.

Alarmsentralen i Sogn og Fjordane

KAN FORSVINNE: Alarmsentralen i Florø er ein av ni alarmsentralar som forsvinn om DSB får det som dei vil. Brannsjefen i Sogn Brann og Redning er svært kritisk til korleis DSB har lagt fram saka.

Foto: Vidar Gudvangen (MMS-foto) / NRK

Får Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) det som dei vil kan dagens 20 naudalarmsentralar for brann og redning bli redusert til berre elleve.

Sogn og Fjordane sin sentral i Florø er blant dei som vil forsvinne, i staden skal den bli flytta til Bergen.

Brannsjef Johnny Skjerping i Sogn Brann og Redning meiner direktoratet har gått fram på ein svært kritikkverdig måte i saka.

– Det er mildt sagt hårreisande, seier han til NRK.no.

Meiner mange sentralar er for små

Bakgrunnen for DSB sine planar om å kutte i talet på alarmsentralar er ønsket om store robuste sentralar som står sterkare når store katastrofar og hendingar skjer.

– Dette er heilt naudsynt fordi vi har alt for mange små, lite robuste sentralar i dag. Dei har for få hendingar, så dei blir ikkje gode nok på å handtere krevjande hendingar i det daglege.

– Då veit vi at når det verkeleg smell, så er vi ikkje optimalt gode. Så er det for få på vakt på enkelte sentralar, har avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen sagt til NRK.no tidlegare.

(Artikkelen held fram under videoen)

Politikarane i Sogn og Fjordane manar no til kamp for å behalda alarmsentralen i fylket. Sentralen tek mot meldingar om brann, innbrot og frå tryggleiksalarmar. 
Politikarane trur ikkje folk får hjelp i tide om telefonvakta sit i Bergen.

STÅR SAMAN: Ordførarane i Sogn og Fjordane går saman og vil kjempe for å få behalde Alarmsentralen i Florø.

«Har tura fram som ein bulldosar»

DSB var i midten av januar på Skei for å informere kommunane om planane om å halvere talet på alarmsentralar. Ordførarane varsla då at dei vil kjempe for å behalde sentralen i Florø.

Sjølv om DSB allereie har gjort eit vedtak, understreka Rygh Pedersen overfor NRK at dei ville lytte til innspel.

Brannsjef Johnny Skjerping håpar kommunane veit å seie klart frå, og legg ikkje noko imellom når han skal seie kva han synest.

Han leiar Sogn Brann og Redning, eit interkommunalt brann og redningsvesen eigd av kommunane Vik, Balestrand, Leikanger, Sogndal og Luster. I eit brev til dei fem kommunane er han svært krass i sin karakteristikk av korleis direktoratet har gått fram i saka.

«DSB har tura fram som ein bulldosar i saka», skriv han mellom anna i brevet.

– Hårreisande

Til NRK forklarar han kvifor han er så provosert.

– Vi er sette til å ta vare på innbyggjarane rundt oss, og det handlar om liv og helse kvar einaste dag.

– Direktoratet oppmodar oss dagleg om at vi skal gjere risikovurderingar og sårbarheitsanalysar av det vi skal drive med.

– Men når dei kom til Skei og presenterte saka, låg det ikkje føre slike analysar. Det meiner vi er mildt sagt hårreisande, seier han til NRK.no.

Redde for å miste fagmiljø

Skjerping meiner det er totalt skivebom å leggje sentralen som skal dekke Sogn og Fjordane til Bergen.

Flyttar ein sentralen vil det går fleire år før dei tileignar seg livsviktig lokalkunnskap, seier han.

– Vi er redde for å miste eit godt fagmiljø. Om vi mister ein så stor del av miljøet vil det bli tyngre for oss å jobbe langt vekke frå der dei andre er representerte, seier Skjerping til NRK.no.

Vil ikkje kommentere kritikken

Anne Rygh Pedersen

STØRRE: Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen i DSB seier det er heilt nødvendig med større og meir robuste alarmsentralar.

Foto: NRK

DSB vil ikkje kommentere kritikken frå Skjerping og seier dei held seg til dei innspela som kjem i den formelle høyringsrunden.

Avdelingsdirektør Anne Rygh Pedersen har tidlegare vist til at alt ligg til rette for at store sentralar skal kunne ha god nok kunnskap til å dekke område lenger unna.

– Det er no mogleg å sjå omtrent alt ut får eit kart. Vi har elektroniske hjelpemiddel, og vi har eit naudnett som snart kjem på plass.

– Slik kan vi halde direkte dialog med brannsjefane, og dei har jo den nødvendige lokalkunnskapen, sa ho til NRK.no tidlegare denne månaden.

Skjerping meiner denne argumentasjonen kan nyttast begge vegar.

– Nettopp det at vi få ny teknologi må jo vere eit ypparleg hjelpemiddel for sentralen i Florø også, slik at dei kan bli endå betre, seier Skjerping.