Hopp til innhold

– Fjord1-leiinga vart høyrt heile vegen

Fjord1-leiinga har på seks ulike møter lagt fram sitt syn av salet. Det dokumenterer rådgjevarane til fylkeskommunen i si saksutgreiing til fylkestinget fredag.

Opplysningane i saksutgreiinga strir med måten Fjord1-leiinga sjølv har opplevd prosessen. Gjentekne gonger har styreleiar Reidar Sandal og administrerande direktør Dagfinn Neteland sagt at dei har følt seg utelatne.

– Vi føler at vi ikkje har fått den naudsynte dialogen med fylkeskommunen som eigar. Dei har køyrd prosessen med eksterne konsulentar, og styret og administrasjonen i Fjord1 har vore haldne utanfor den prosessen, sa Neteland til NRK for tre veker sidan.

Måten salet vart handtert på av fylkeskommunen var ei av årsakene styret og administrerande direktør Neteland peika på då dei valde å trekkje seg.

– Avkler påstandane frå Sandal

Men i saksutgreiinga politikarane får på bordet fredag avviser rådgjevarane påstandane om at leiinga i Fjord1 ikkje har fått kome til orde. Frå desember 2014 til november i år har dei vore på seks møter, og sendt fleire brev til fylkespolitikarane. (Sjå detaljar nedst i saka).

Fungerande fylkesgruppeleiar Aleksander Øren Heen i Senterpartiet meiner dette parkerer kritikken frå Fjord1-leiinga.

– Dette er noko me i fylkesutvalet har visst om. Og eg meiner det totalt avkler dei påstandane styreleiar Sandal har kome med om at dei ikkje har fått høve til å møte fylkeskommunen. Her har vore seks dokumenterte møter, i tillegg til skriftleg kommunikasjon. Så den påstanden den fell på steingrunn, seier Øren Heen.

– Eigarskap var ikkje tema

Neteland på si side kan ikkje anna enn å riste på hovudet over Øren Heen sin kommentar. Han stadfestar at dei har vore på møta, men at eigarskapen ikkje har vore tema.

– Vi har informert om selskapet si utvikling. Fylkeskommunen eig 59 prosent av selskapet, og vi må fortelje dei om utviklinga. Men dei har passa på at vi ikkje har fått snakke om eigarskapsprosessen, seier Neteland.

– Det har ikkje vore ønskje frå verken fylkesadministrasjonen eller frå det fleirtalet som no har stemt for salet, at vi skulle seie noko om prosessen og kva vi i styret meinte, seier Neteland.

Fredag er det ekstraordinært fylkesting der politikarane skal ta stilling til om salet var lovleg. http://www.nrk.no/sognogfjordane/ho-og-12-andre-meiner-fjord1-vedtaket-var-ulovleg-1.12686940

Her er kva rådgjevarane skriv om korleis Fjord1-leiinga fekk kome med innspel

3.3.3 Fjord1 sine innspill

Representanter for Fjord1 har vært invitert til fylkesutvalget ved en rekke anledninger for å presentere selskapet.

10. desember 2014: Fjord1 møtte i fylkesutvalget og holdt innlegg. Det ble vist en presentasjon på 14 sider, hvorav siste side omhandlet SFJs eierprosess.

26. mars 2015: Fjord1 var igjen til stede i fylkesutvalget. Det ble holdt en 15 siders presentasjon og redegjort for Fjord1s syn på eierforhold, da med fokus på fordelene ved en fusjon.

13. april 2015: Fjord1 var igjen til stede i fylkesutvalget for å diskutere samordning av Fjord1s fusjonsprosess og fylkeskommunens brede prosess.

27. april 2015: Arbeidsmøte for harmonisering/legge til rette for nærmere samarbeid mellom Fjord1s arbeid med hensyn til utredning av mulig integrasjon med Norled AS, og SFJ sin brede eierskapsprosess.

28. september 2015: Fjord1 deltok og holdt presentasjon for fylkesutvalget. Det ble benyttet en 15 sider lang presentasjon. Også her var fylkeskommunens eierprosess omhandlet.

Den 27. oktober 2015 sendte Fjord1 brev til fylkesordføreren hvor man tilbød seg å stille i møte for å redegjøre for selskapet. Fylkesordføreren inviterte selskapet til å komme til fylkesutvalget 16. november 2015 for å fortelle om Fjord1s stilling, resultatet så langt i 2015 og fremtidsplaner og utsikter. Det ble bedt om at man forholdt seg til presentasjonen av selskapet, ikke eierskapssaken. Fjord1 var til stede i møtet den 16. november 2015 og holdt en 19 sider lang presentasjon. Sidene 16 til 19 i presentasjon omhandlet Fjord1s syn på eierskapssaken i SFJ.

Dagen etter (17. november 2015) sendte også Fjord1 et fire siders langt brev/styrevedtak til medlemmene av fylkestinget. Presentasjonen Fjord1 holdt for fylkesutvalget og det nevnte brevet, var en del av saksdokumentene for fylkestinget.

Så vidt vi kan se er Fjord1s syn på saken kommet til uttrykk overfor både fylkesutvalget underveis i saksforberedelsen og for fylkestinget. Vi ser det heller ikke slik at fylkesordføreren gjennom en invitasjon hvor tema konkretiseres, skal ha gitt munnkurv.