Hotelldirektøren ved Alexandra i Loen har tidlegare vore skeptisk til fusjon med andre selskap.
No trur han det er viktig og fullt mogleg om ein gjer det rett.
– Samarbeid må vere tufta på klar identitet, klar forståing for kva verdiar som ligg bak selskapet – og det må vere investeringsvilje for dei som skal stå bak som enkeltaktørar og tilbydarar. Om ikkje det er til stades, så er det ikkje verdt fem flate øre, seier Richard Grov.
Endra namnet
Etter mykje bråk i reiselivsselskapet Reisemål Stryn og Nordfjord, vart Stryn etter lange diskusjonar fjerna frå namnet for å skape eit meir samla selskap. Men dette åleine er ikkje nok for å få ro i selskapet.
I tillegg går debatten om økonomi og samanslåing med andre. Vågsøy gjekk ut i vår, medan Selje sette seg på gjerdet og først no er klare for å bli med vidare.
Ordførar i Selje, Stein Robert Osdal (KrF), er ikkje redd for at eit utvida samarbeid kan føre til eit sterkare fokus på dei største aktørane, slik mange har følt til no.
– Nordfjord har sin eigen signatur. Vi har det som vi er gode på og det må vi profilere. Samarbeid som vi inngår kring om må vere med å styrke det, seier han.
Aukar aksjekapitalen
Reisemål Nordfjord ser no både innanfor fylket, men også over fylkesgrensa til Sunnmøre og Gudbrandsdalen, for å sikre ein best mogleg avtale for Nordfjord.
- Les også: Splitta Nordfjord seier nei til Sunnmøre
Men for at selskapet skal kunne nå ambisjonane, må det gjerast noko med marknadsføringa. Og då må også økonomien løftast.
Syreleiar Åge Starheim seier dette skal gjerast ved å auke aksjekapitalen.
– Dette for å gjere selskapet sterkare til å kunne investere i utstyr og marknadsføringsprosjekt som verkeleg kan slå an både i utland og innland. Det håpar vi å leggje fram for ei ekstraordinær generalforsamling om ein månad eller to, seier Starheim.