Hopp til innhold

Jobbar intenst for reiselivssamarbeid

Reisemål Stryn og Nordfjord jaktar no samarbeid med andre reiselivsaktørar både i og utanfor fylket.

Styreleiar Åge Starheim og adm. dir. Marita Sylvi Lindvik i Reisemål Stryn & Nordfjord

PRØVAR IGJEN: Styreleiar, Åge Starheim, og administrerande direktør i Reisemål Stryn og Nordfjord, Marita Sylvi Lindvik, prøvar på nytt å få til eit samarbeid på andre destinasjonsselskap.

Foto: Silje Guddal / NRK

Etter at svært mykje arbeid var lagt ned, stranda alle planar om samanslåing med reiselivsaktørane på Sunnmøre tidlegare i vår. No er målet at samarbeidsavtalar skal ligge på bordet innan utgangen av september.

Styreleiar i Reisemål Stryn og Nordfjord, Åge Starheim, omtalar arbeidet som intenst.

– Eg trur det er heilt avgjerande at vi klarar å få dette til, og det trur eg vi skal klare, seier han.

Kort tidsfrist

Nok ein gong tek Starheim til på arbeidet med å få til samarbeid i reiselivsnæringa på tvers av destinasjonar, kommunar og fylke.

Reisemål Stryn og Nordfjord har teke kontakt med selskap i Geiranger, Sogn og aust om fjella. Allereie 30. september skal eventuelle avtalar presenterast for einerane og arbeidet skjer midt i høgsesongen.

– Det er så krevjande at vi ser at det er på grensa til at dei tilsette må jobbe døgeret rundt, og det kan vi ikkje forvente eller forlange, seier Starheim.

Trudde dei var i mål

Ove Skylstad

EIN KAMP: Det er sjuande eller åttande året dagleg leiar i Destinasjon Geiranger og Trollstigen, Ove Skylstad, prøvar å etablere eit større selskap.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Heller ikkje selskapa på Sunnmøre klarte å einast om ei eiga samanslåing. Dagleg leiar i Destinasjon Geiranger og Trollstigen, Ove Skylstad, har vore med på dette før.

– Eg trur vi er inne på sjuande eller åttande året med å bli eit større destinasjonsselskap. Vi trudde kanskje vi var i mål, men det skar seg i siste liten, seier han.

Skylstad er usikker på kva som gjer at det er vanskeleg å einast innan reiselivet.

– Eg ser at det er ein kamp mellom bygder og mellom kommunar. Samstundes blir det berre eit knappenålshovud når du går ut i verda og ser større på det. Balansegongen i å sjå det små i det store er utfordrande, fortel han.

Vanskeleg å stå aleine

Ståle Brandshaug i Flåm

LEITAR ETTER SAMDRIFTSFORDELAR: Leiar for Visit Sognefjord, Ståle Brandshaug, meiner ein må ha større og sterkare strukturar i reiselivsnæringa.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Aust om Strynefjellet finn ein Visit Jotunheimen som er eit heilt nytt selskap, drive fram av næringslivet i Lom og omland. I august skal leiar Martine Hårstad i møte med Reisemål Stryn og Nordfjord. Ho ser mange moglegheiter.

– Vi ønskjer verkeleg å få til eit godt samarbeid vestover, for det ser vi på som svært viktig. Det er heilt klart marknadsføring, samt mogleg å selje produktpakkar saman vi kan samarbeide om, fortel ho.

I Sogn er selskapet Visit Sognefjorden inne i sitt andre år. Leiar Ståle Brandshaug trur samarbeid med andre vert naudsynt.

– Det blir vanskeleg å stå heilt aleine i framtida. Vi må ha større og sterkare strukturar. Vi er på leit etter samdriftsfordelane som ligg bak, i forhold til om vi kan jobbe tettare på ein del marknadsføringstiltak og om vi kan jobbe saman med utvikling av produkta våre, fortel han.