Hopp til innhold

– Tullete å diskutere namn, bruk heller tida på innhaldet

– Det er tullete å bruke tid på å diskutere namnet til Reisemål Stryn og Nordfjord, seier næringsdirektør Jan Heggheim i fylkeskommunen.

Jan Heggheim (Montasje)

VIL HA FOKUS PÅ INNHALD: Næringsdirektør Jan Heggheim i fylkeskommunen meiner det viktigaste må vere å diskutere innhaldet i Reisemål Stryn og Nordfjord.

Foto: Arne Stubhaug, NRK/Arne Vik

Formannskapet i Stryn skal i dag diskutere namnet etter at saka er spelt inn av styret i reiselivsorganisasjonen. Men næringsdirektøren seier kommunen burde bruke tida til å diskutere innhaldet i staden.

– Å diskutere namn på selskapet akkurat no, er ei avsporing, seier han.

Reisemål Stryn og Nordfjord har i 16 år jobba for å få fleire turistar til regionen og i omtrent like mange år har namnet vekt debatt. Fleire meiner Stryn ikkje burde vere ein del av namnet når organisasjonen skal jobbe for heile regionen.

Meiner det er feil fokus

I haust bad reiselivsorganisasjonen eigarkommunane og eigarane om innspel i namnedebatten. Fylkeskommunen står for ein tredjedel av finansieringa av reiselivsorganisasjonen, men fylkesdirektøren for næring meiner organisasjonen har feil fokus.

– Det er ein nasjonal strategi som regjeringa legg opp og som ganske sikkert kjem til å medføre endringar i strukturen i destinasjonsselskapa. Dei burde kanskje bruke tida mest på det, seier han.

I Stryn skal saka opp i formannskapet i dag. Men ordførar Sven Flo er klar på kva han meiner om namnestriden.

– Eg er samd med Jan Heggheim, det er ein tullete debatt og den er heilt unødvendig. Vi får eit heilt feil fokus, seier han.

– Må ta vare på alle

Styreleiar i Reisemål Stryn og Nordfjord, Frode Briksdal, seier innhaldet er viktigast, men registrerer meiningane om debatten.

– At det er tullete kan no så vere, men vi må ta vare på alle medlemmane. Er det eit ønskje om å leggje vekk namnet Stryn og Nordfjord og kalle det noko anna, så må ein vurdere det seriøst. Men innhaldet i selskapet må vere heilt konkret og framtidsretta om namnet skal endrast, seier Briksdal.