- Me hadde jo håpa å få dette tilskotet, og når me no har fått tilsagnet, er jo det kjempeflott, seier direktør Randi Marie Sjøholt i studentsamskipanden i Sogn og Fjordane.
- Viktig i konkurransen om studentar
Regjeringa går inn med tilskot på 200 000 kroner per bustad - totalt 1,1 millioanr kroner. Dette er nødvendig for å greie å finansiere resten til dei 55 hyblane med husbanklån.
Tor Bremer sit i utdanningskomiteen på Stortignet.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKTor Bremer, som sit i utdanningskomiteen på Stortignet, seier bustad er eit viktig konkurransemoment i kampen om studentar.
- Skal høgskulen i Sogn og Fjordane nå opp i kampen om studentane, er det viktig med tilgang til studentbustader. Og då ikkje berre på det private marknaden, men gjennom studentsamskipnaden. For desse er betre og billigare enn bustadane på den private marknaden.
Startar arbidet snart
Dei nye hyblane skal byggjast ved eksisterande studentbustader i Elvatunet. Bygginga av dei nye hyblane startar opp ganske snart, men Sjøholt reknar ikjke med at bustadene står ferdige for hausten 2011.
- Å setja opp 55 hyblar er jo ikkje gjort på eit par månader, så me treng nok eit halvanna år før dei står ferdige