Hopp til innhold

– Ein blir rett og slett forbanna

Leiaren av Sogn og Fjordane bondelag er svært skuffa over at ikkje regjeringa vil komme krava deira i møte, og varslar aksjonar.

Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag
Foto: Wilhelm Støylen / NRK

– Vi har prøvd å skvise sitronen for alt det er verdt, men det var ikkje noko å hende må vi bryte, seier Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane bondelag.

Dei bryt no jordbruksforhandlingane med staten der dei hadde eit krav om 1450 millionar kroner. Regjeringa tilbyr i staden 410 millionar. Bondelagsleiaren meiner regjeringa skuffar både dei og stortingsfleirtalet.

Skulle sørge for inntektsutvikling

Dei har vore i forhandlingar lenge, og Felde meiner dei har strekt seg så langt som dei kan allereie. Han fortel at dei har forma ut vårt krav på bestilling frå stortinget og ei samla næringskomitè var med der og var einige i at ein skulle ha ei inntektsutvikling og tette krav mot andre grupper. Halvparten av pengane skulle gå til å sørge for fleire inntekter i landbruket.

– Når vi ikkje får den inntektsframgangen som andre grupper i resten av samfunnet har må vi sette ned foten og seie at nok er nok, seier Felde.

Han hadde ikkje tru på at dei skulle få gjennom heile kravet, men hadde forventa meir slik at dei kunne begynne å tette gapet i inntektsutviklinga.

Vil aksjonere

Nasjonaldagen vil dei halde heilag ifølge Felde, men når 17. mai-feiringa er over vil ein få merke bondelaget si misnøye gjennom både alvorlege aksjonar og nokre aksjonar med eit snev av humor.

– Vi må tydeleggjere vår misnøye, og tydeleggjere ovanfor regjeringa av vi ikkje finn oss i dette, seier han.