Hopp til innhold

– Eg er ikkje spesielt nøgd

Ingen lag har dårlegare målskilnad i førstedivisjon etter fem kampar enn Florø. Trenaren peikar på slurv i angrepsspelet som hovudårsak.

Terje Rognsø

SKUFFA: Elleve baklengsmål på dei tre siste kampane er langt meir enn det Florø-trenar Terje Rognsø hadde håpa på.

Foto: Truls Kleiven

– Eg er ikkje spesielt nøgd med slik det har sett ut i dei tre siste kampane, seier Florø-trenar Terje Rognsø.

Og det har han heller ingen grunn til. For dei tre siste kampane har gitt laget null poeng og elleve mål i mot.

– Vi gjorde dei same feila mot Åsane sist som mot Notodden helga før. Det gjer meg skuffa og forbanna, seier Rognsø.

– Vi blir kontra i senk

Når ein tel opp etter fem serierundar ligg Florø på ein 11.-plass med fire poeng. Det er faktisk like mange poeng som dei hadde på same tid som i fjor, men ein stor skilnad er det.

Mål renn inn i feil ende for Florø som har den dårlegaste målskilnaden i serien så langt. Berre eitt lag har sleppt inn like mange mål, men Florø har berre scora fire og står då med åtte mål i negativ målskilnad (sjå tabell i botnen av saka).

– Problemet er samansett. Men fleire av måla i mot kjem som følgje av at vi er naive og slurvar i angrepsspelet. Vi har sett på video at vi hadde åtte spelarar framfor ballførar då han mista ballen. Då er det ikkje mange att til å forsvara seg, seier Rognsø og legg til.

– Vi har blitt kontra i senk.

På dei fem første kampane i fjor vart det fem baklengsmål for Florø.

Ikkje krisestemning

Men trass i alle baklengsmåla i vil ikkje Florø-trenaren svartmåle situasjonen.

– Vi har ikkje blitt spelt ut og vert utruleg hardt straffa for dei feila vi gjer, seier Rognsø.

Florø fotball. Nicklas Frenderup

EIGE NETT: Florø-keeper Nicklas Frenderup har måtte plukke mange ballar ut av eige nett så langt denne sesongen.

Foto: Truls Kleiven

Han trekk fram at laget også var gjennom ein tøff periode i starten av førre sesong, men reiste seg att.

– Det er ikkje krisestemning, men det går på humøret laust. Vi må ha fokus på prestasjonane og få tilbake trua for vi har ikkje blitt hjelpelaust dårleg over natta, seier han.

Sesongstarten har også vore prega av at fleire spelarar har slite med skade. Runar Hove, Robert Kling, Luc Jeggo og Kristoffer Ryland er berre nokon av spelarane som har vore ute.

– Vi har knapt stilt med den same forsvarsrekkja i ein einaste kamp. Men det er ikkje grunnen til at måla kjem i mot. Det er naivt forsvarsspel, seier Rognsø.

Alt i morgon har laget sjansen til å snu trenden. Då møter dei andredivisjonslaget Hødd på bortebane i andre runde av cupen. Sogndal møter Fyllingsdalen borte.

Laster innhold, vennligst vent..