Hopp til innhold

Demens-forskar: – Gjer som dronning Sonja

Er du like aktiv som dronning Sonja (81) kan du redusere risikoen for demens med 30 prosent, meiner forskar.

Fjelldronninga.

AKTIV: Dronninga går ofte i fjellet, noko som er bra for både kropp og hovud. Demensforskar i Bergen meiner den spreke 81-åringen ikkje kjem til å bli dement.

Foto: NRK.

– Dronninga er fysisk aktiv, kreativ, sosial og nysgjerrig.

Det er ei god oppskrift å følgje, meiner demensforskar Bettina Husebø ved senter for alders- og sykehjemsmedisin ved Universitetet i Bergen.

Folkehelseinstituttet anslår at mellom 80.000 og 104.000 nordmenn truleg lir av demens, og det er venta at talet vil auke dei neste 20 åra.

Husebø seier den gode nyhenda er at det er mykje vi kan gjere for å førebygge demens.

Bettina Husebø

LÆR AV SONJA: Forskar Bettina Husebø meiner dronning Sonja gjer alt rett om ein vil førebyggje demens i alderdomen.

Foto: Lene Granli / NRK

– Gjer alt rett

– Forsking syner at vi kan redusere risikoen for å få demens med opptil 30 prosent om vi jobbar aktivt med førebygging, fortel Bettina Husebø.

Om lag ti prosent av demenstilfella er arvelege og kan ikkje forhindrast. Men mange tilfelle kan førebyggast med ein aktiv livsstil. Der er dronning Sonja eit glitrande døme, meiner forskaren.

– Ho har ein naturleg evne til å kombinere førebyggjande tiltak som demensforskinga syner at verkar.

I ein kronikk i Bergens Tidende listar forskaren opp fleire ting dronninga gjer rett. Ho er sosial, reiser land og strand rundt og får nye impulsar - og stiller mange spørsmål.

Dronning Sonja åpnet sin egen utstilling

KREATIV: Dronninga er kreativ og aktiv, og det førebyggjer demens, meiner forskar. Her er Dronninga på opninga av ein av hennar eigne utstillingar.

Foto: Elin Fossum / NRK

Turar i naturen viktig

Særleg dei mange turane i naturen, trekkjer Husebø fram som heilt etter boka om ein vil førebyggje demens.

Dronninga har loggført over 700 turdøgn og 143 turar i fjellet.

I ulendt terreng får ein trent balansen og ein må konsentrere seg for ikkje å trå feil, forklarar demensforskaren.

– Eg veit ikkje om ho sjølv er bevisst på at ho førebyggjer demens, men det er det ho gjer, smiler Husebø

– Legg problema att nede i dalen

Dronning Sonja er denne veka på ferie og har ikkje høve til å kommentere saka, opplyser kommunikasjonssjef ved Slottet, Guro Ofstad Varpe.

Men dronninga fortalde kva turane betyr for ho då ho blei intervjua av NRK tidlegare i år, i samband med 150-årsjubileet til Den Norske Turistforening.

– Ein løyser ting ein går og grublar på på ein veldig fin måte når ein går, sa dronninga om dei mange fjellturane.

– Når ein går høgare opp, kjennest det som om alle problema ligg att nede i dalen.

Vil ha demente ut på tur

Også for dei som allereie har fått demenssjukdomen, er rørsle og frisk luft viktig, meiner demensforskar Husebø. Ho har difor utfordra Den Norske Turistforening (DNT) til å ta med fleire demente ut på tur.

– Vi har allereie eit stor fokus på eldre, seier leiar i Bergen og Hordaland turlag, Helene Ødven.

Ho synest likevel ideen om eit eige tilbod til demente er spanande, men vil samarbeide med kommunane om det.

Helsebyråd i Bergen, Rebekka Ljosland (KrF), ynskjer initiativet velkomen.

– Eg er veldig positiv til å spele på lag med alle dei gode frivillige kreftene i turlaget, seier Ljosland.

Kan glede seg til alderdomen

Forsking syner at rundt 80 prosent av alle pasientar på norske sjukeheimar lir av demens.

Men om du et sunt, beveger deg, trimmar hjernen og er sosial, har du ingen grunn til å frykte alderdomen, konkluderer forskar Bettina Husebø.

– Har vi dronning Sonja som førebilete, kan vi tenke: så gøy det blir å bli gamal!

Dronning Sonja og Mikal Olsen Lerøen

KREATIV: Dronning Sonja har fleire gonger stilt ut eigen kunst. Her frå ei utstilling ved Kode 1 i Bergen.

Foto: NRK