Hopp til innhold

Ho hadde droppa studiane i Sogndal dersom dei måtte leige privat

Det er til dels svært høge prisar på den private hybelmarknaden i Sogndal. For mange vert studentsamskipnaden sine hyblar redninga.

Thea Schöndorf og familien ventar spent på skulestart i Sogndal.

NYINNFLYTTA: Student Thea Schöndorf gler seg saman med mannen Per Stian Wølneberg og døtrene Aurora og Emmelin til å ta fatt på den nye kvardagen i Sogndal. Foto: Halvor Storvik

Til hausten skal Thea Schöndorf byrje å studere sosialt arbeid ved Høgskulen i Sogndal. At ho og familien slapp å leige privat vart avgjerande for at dei i det heile kunne flytte til Sogndal. På den private marknaden trur ho dei måtte ha betalt over det dobbelte.

– For ein studentfamilie så går ikkje det. Om vi ikkje hadde fått studentleilegheit er det svært mogleg at eg ikkje kunne ha sagt ja til studentplassen eg fekk, seier Schöndorf.

– Hybelsituasjonen er under kontroll

Studentsamskipnaden rår over 100 hyblar og 5 leilegheiter i Førde, 338 hyblar i og 15 leilegheiter i Sogndal. Knappe to veker før studiestart er det 42 studentar på venteliste i Sogndal og 5 på venteliste i Førde.

– Vi har kontroll, seier Randi Marie Sjøholt, direktør for studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane.

Ho rår studentar som enno ikkje har fått seg hybel til å bruke nettsida hybel.no. Der er det i dag 21 einingar til leige i Sogndal og 15 i Førde. Sjøholt trur det vil kome fleire utover i august.

– I tillegg kan du ta kontakt med studentsamskipnaden. Vi har ventelister som vi må ta unna, men erfaringa er at ein del studentar seier frå seg studieplassen sin etter kvart, så det blir nokon få ledige hyblar hos oss òg, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Randi Marie Sjøholt

UNDER KONTROLL: Knappe to veker før studiestart er det 42 studentar på venteliste for å få studenthyblar i Sogndal. Direktør for Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane, Randi Marie Sjøholt, seier dei har situasjonen under kontroll.

Foto: Arve Uglum / NRK

Mange nye studentbustader dei siste åra

Dei siste åra har studentsamskipnaden bygd 70 nye studentbustader i Sogndal og 20 nye i Førde. I tillegg har privatmarknaden auka i volum.

– Det har pressa prisane, seier Sjøholt.

Likevel er det stor variasjon i prisane på private hyblar. Sjøholt meiner difor studentane må is i magen.

– Viss dei har litt tolmod og ikkje tek den første, beste og dyraste, så får dei seg hyblar til ein ok pris, seier ho.

Dermed kan det verke som at åra med ville tilstandar på utleigemarknaden er over.

Samstundes seier Sjøholt at dei er heilt avhengige av dei private utleigarane.

– Vi har 2000 studentar i Sogndal og 800 i Førde og vi greier ikkje å dekke alt åleine, seier ho.

(Artikkelen held fram under biletet)

Studenthyblar på Elvatunet i Sogndal

FLEIRE NYE HYBLAR: Dei siste åra har studentsamskipnaden bygd 70 nye studentbustader i Sogndal og 20 nye i Førde. Det har pressa prisane på den private marknaden.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK

Studentbustad vart redninga

Sjølv om presset på hybelmarknaden har letta noko, blir det for mange likevel for dyrt å finne hybel på den private marknaden.

For Thea Schöndorf og familien vart studentleilegheit gjennom studentsamskipnaden redninga. Prisane på den private marknaden er avskrekkande høge, meiner ho.

– Vi var litt uroa for om vi kunne bu her i Sogndal i det heile tatt om vi ikkje fekk denne studentleilegheita. Eg trudde på førehand at når du flyttar til ein liten tettstad som Sogndal, så får du kanskje litt greie leigeprisar. Men det viste seg å ikkje stemme, seier ho.

Student Nargis Wolasmal og familien flytta frå Jessheim til Sogndal i sommar. Heller ikkje dei hadde store problem med å få studentleilegheit. Ho gler seg over at dei har funne ein plass å bu.

– Men eg hadde kanskje venta litt betre standard. I forhold til prisen er det likevel heilt greitt, seier ho.

Nargis Wolasmal skal studere sosialt arbeid i Sogndal

FEKK HYBEL: Nargis Wolasmal hadde små problem med å skaffe seg hybel. Her saman den eine dottera Madina Wared.

Foto: Halvor Farsund Storvik / NRK