Hopp til innhold

«Eg trur ikkje eg får gjort mykje skulearbeid inne i eit telt»

80 studentar står utan hybel i Sogn og Fjordane. I Sogndal har studentsamskipnaden sett opp lavvoar og sovesalar for studentar som enno ikkje har funnet seg stad å bu. Studenten Roy Henry Avestruz, syns lite om at han må bu i telt dei fyrste vekene av skuleåret.

Roy Avestruz

FLYTTAR INN I LAVVO: Studenten Roy Henry Avestruz har ikkje funnet seg hybel, no flyttar han inn i ein lavvo.

Foto: Montasje

– Eg må bu i lavvo i ei veke, kanskje lenger. Det kjem an på kor lang tid det tar å finne seg ein stad å bu. Det er ikkje noko kjekt, det er ein dårleg start på skuleåret, seier Avestruz.

Framleis er det 80 studentar utan hybel i fylket, det er omtrent like mange som det var på same tid i fjor. Samstundes har Høgskulen i Sogndal auka talet på skuleplassar.

Behov for rekordmange studenthyblar

Departementet har eit mål om at studentsamskipnaden skal dekke 20 prosent av marknaden når det gjeld studentbustadar. I Sogn og Fjordane finst det 3747 studentar, men det finst bere 409 studenthyblar. Dei vil seie at i Sogn og Fjordane dekkjer Studentsamskipnaden om lag 10 prosent av behovet. Det er 4 prosent mindre enn landsgjennomsnittet som har ei dekning på 14 prosent.

Leiar for Studentsamskipnaden i Sogn og Fjordane seier at dette har vore eit problem lenge, og at der er på tide at politikarane kjem på bane.

– No må politikarane innsjå at dette er eit viktig behov og løyve meir pengar til studentbustadar, seier Sjøholt.

(Artikkelen held fram under biletet)

sjøholt

LØYSER BUSTADKRISA MED LAVVO: Anne Mari Sjøholt vil tilby studentane i Sogndal som ikkje har funnet hybel ein soveplass i lavvo.

Sjøholt seier at ho reknar med at alle studentane vil finne seg hybel nokre veker ut skuleåret, men fryktar at det fort kan bli dyrt for studentane.

– Det er ofte dårleg kvalitet på hyblane ein finn på privatmarknaden. Dessutan er det mange som leiger ut hyblane altfor dyrt. Studentane må jo ha ein plass å bu, så det er dessverre nokon som må betale dyrt for bustadmangelen, fortel Sjøholt.

Tal Norsk studentorganisasjon (NSO) har henta inn, syner at over 14 500 studentar står i kø for å få studentbustad i landet.

– Det er veldig mange studentar i kø, og desse talla bekreftar kor stort behovet er for fleire studentbustader, seier leiar i Norsk Studentorganisasjon, Ola Magnussen Rydje.

Løyser bustadkrisa med lavvo og sovesalar

For å klare å huse alle studentane i Sogndal har Studentsamskibnaden gått saman med firluftsorganisasjonen, Lurkalaget, og vil tilby alle studentane som ikkje har funent seg hybel soveplass i lavvo, eventuelt i sovesalar på skulen.

Tilbodet skal vere gratis, og studentane vil få mat i kantina på skulen. Det er ikkje ei optimal løysing, men det er betre enn ingenting, seier Sjøholt.

– Eg trur det er mange som syns det er greitt at komforten ikkje er på topp. Nokon av studentane syns nok berre det er morosamt. Det er trass alt berre til ein finn seg ein meir permanent stad å bu, fortel Sjøholt.

Er det så stor mangel på bustadar at studentane må bu i lavvoar eller på sovesalar?

– Det finst mange private bustadar på marknaden, men desse er det stor rift om. Dessutan er det mange som er dyre eller ligg langt vekke, seier Sjøholt

Ola Rydje

HÅRREISANDE: Leiar i NSO meiner det er uakseptabelt at studentane skal bu i telt.

Foto: Presse

Men leiaren i NSO seier han tykkjer det er hårreisande at studentane må bu i telt for å sleppe å sove på gata.

– Eg trur ikkje vi hadde akseptert dette for nokon andre samfunnsgrupper, då er det heller ikkje greitt at studentane må akseptere dette, seier Rydje.

Og Avestruz seier han håpar å finne ein hybel så fort som mogeleg. Han ser ikkje fram til å bu i telt dei neste vekene.

– Det er jo sjølvsagt eit godt tilbod, det er gratis og det er betre enn ingenting. Men eg syns det er synd at det må vere slik. Eg får jo ikkje konsentrert meg om det som er viktig, nemleg skulearbeidet. Det er ikkje så lett å studere inne i eit telt, seier Avestruz.