Fet kyrkje

Fet kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fet kyrkje. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Krusifiks på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.

Krusifiks på Bergen Museum. Foto: Arild Nybø, NRK.


Fet kyrkje på Indre Hafslo vart bygd i 1894. Ukjend arkitekt. Byggmeister var John Alver. Altartavle er frå 1631/1652. To kyrkjekokker er daterte til 1200-talet. Anna inventar frå byggjeåret eller seinare.

På Bergen Museum stammar eit lite krusifiks frå 1230, ein del av eit baldakinskåp og ein Maria-med-barnet-figur frå Fet.

I den gamle kyrkja stod det ein døypefont i kleberstein med firkløverforma skål, slik det også var i dei gamle kyrkjene i Nes og Dale.

Stavkyrkje på 1200-talet

På Fet veit ein at det har vore kyrkje sidan 1200-talet. Truleg var dette ei stavkyrkje som fungerte som kapell for rikfolket som budde der. Denne kyrkja vart riven kring 1650 for å gje plass til ei ny kyrkje som stod til noverande kyrkje vart bygd i 1894.

Adels- eller futegrav

Museums-mannen Gert Falch Heiberg og andre fagfolk har skrive at det på kyrkjegarden fanst eit gamalt, dekorert kistelok av stein frå mellomalderen. Dette skal ha lege over grava til ein fut som budde på Fet, og som m.a. hadde bygt ein stor steinhall av kleberstein der. Ein gotisk portal skulle vere mura inn i ein kjellarmur på Fet.

Andre kjelder meiner at mannen som låg i denne grava ikkje var fut, men ein mann av adelsætt som på den tida heldt til på Fet i Indre Hafslo. – Les meir om dette i eigen artikkel: Adelsgarden Fet på Indre Hafslo.

Fet med kyrkja. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.

Fet med kyrkja. Foto: Merete Husmo Høidal, NRK.