– Sjølvsagt skulle me sett at resultatet var høgare. Det er eg lei meg for, både på elevane og faget sine premiss.
Prorektor Bjørg K. Selvik ved Høgskulen i Bergen (HIB) tar imot studentar som kjem ut med dårlege mattekarakterar frå vidaregåande.
– Me må forhalde oss til studentane me får, og tenke at me kan tilføre noko her hos oss.
– Kan skuldast låg interesse
Mot slutten av mai vart den årlege eksamen i praktisk matematikk for elevar på første vidaregåande gjennomført. Ein førehandssensur vart utført på grunnlag av 707 eksamenssvar.
80 prosent fekk karakteren 3 eller dårlegare. Berre éin elev fekk toppkarakter. Dei dårlege resultata har vore ein trend, spesielt dei tre siste åra.
- Les også:
Praktisk retta matematikk går ikkje like djupt inn i matematikken som teoretisk matematikk. Prorektor Selvik trur grunnen til dårlege karakterar kan vera låg interesse for faget.
– No veit me vell at dei som har minst interesse for faget vel den enklaste forma for matematikk.
– For teoretisk
Påtroppande politisk nestleiar i Elevorganisasjonen, Rahman Chaudhry, er ikkje overraska over det dårlege resultatet i praktisk matteeksamen.
Han trur dei låge karakterane skuldast ein kombinasjon av at eksamen ikkje visar kompetansen til eleven på ein god nok måte, og at praktisk matematikk er for teoretisk.
- Les også:
– Elevane blir overraska når dei kjem til praktisk og finn ut at det også er veldig teoretisk.
Dette fører til at elevane mister motivasjonen, og dermed ikkje klarar å gjere det bra på eksamen, fortel Chaudhry.
– Dei stryk, og må ta eksamen opp igjen.
– Ting tar tid
Nestleiaren i Elevorganisasjonen meiner fleire praktiske øvingar kan vere løysinga.
– Ein må ha fleire praktiske forsøk. Ein må ha meir praktisk undervisning, og ikkje berre teoretisk tavleundervsninig.
- Les også:
Prorektoren ved HIB fortel at mange tiltak er gjort for å betra mattekarakterane i vidaregåande, men at ting tar tid.
– No har det jo vore ei langsiktig satsing på matematikkfaget. Timetalet er utvida. Det er gjort mykje med lærarutdanning og kompetanseutheving av lærarar. Me må ha litt is i magen, og tenke at ting verkar, men det tar gjerne litt tid, seier Selvik.