Elevar blir høyrt – Ikkje fleirtal for fråværsgrense

Regjeringa ville at elevar med minst ti prosent ugyldig fråvær i eit fag, ikkje skulle få karakter i faget. Men forslaget får ikkje fleirtal på Stortinget.

Elever ved Sortland videregående skole protesterer mot den nye fraværsgrensa

FEKK SOM DEI VILLE: Elevar ved Sortland vidaregåande skole protesterte mot fråværsgrensene tidlegare i vår. No får dei støtte frå Arbeidarpartiet, og forslaget blir derfor ikkje noko av.

Foto: Bente H. Johansen / NRK

Arbeidarpartiet seier nei til forslaget om ei fråværsgrense på 10 prosent i vidaregåande skole.

Det vart klart under gruppemøtet til partiet onsdag. På si Facebook-side skriv nestleiar Trond Giske:

«Arbeiderpartiet vil ha klare regler mot ugyldig fravær i skolen og at skolene skal ha effektive og gode reaksjoner når reglene brytes. Regjeringens forslag om nye fraværsregler bidrar ikke til det.»

«Arbeiderpartiet har konkludert med at det politiske håndverket fra Røe Isaksen og regjeringen har vært for dårlig, og at regjeringen må lage en ny forskrift i dialog med sektoren.»

Les heile innlegget:

Ville få bukt med skulk

Målet med innføring av ei fråværsgrense var, ifølgje Kunnskapsministeren, å få mindre skulk og fråfall i skolen. Regjeringa har peika på at det er ein tydeleg samanheng mellom høgt fråvær og fråfall.

Men kritikarar har meint at ei fråværsgrense heller vil føre til større fråfall.

Verken KrF, Venstre, SV eller Senterpartiet har støtta den nye grensa på maks 10 prosent fråvær i kvart enkelt fag.

Dermed var regjeringa avhengig av Arbeidarpartiet for å få fleirtal for forslaget.

Store protestar

Elever streiker mot fraværsregel ved rådhuset i Oslo

STREIK: Elevar protesterte mot fråværsregel ved rådhuset i Oslo 11. mai.

Foto: Knut Erik Solhaug / NRK

I mai streika tusenvis av elevar landet over i protest mot fråværsgrensa som skulle tre i kraft til hausten.

Påtroppande politisk nestleiar i Elevorganisasjonen Rahman Chaudry er nøgd med at forslaget ikkje blir noko av:

– Eg er først og fremst veldig letta over at Arbeidarpartiet lyttar til både lærarar og elevar. Dei har skjønt at ei fråværsgrense ikkje hjelper elevane, men heller vil føre til at fleire fell frå.

– Ei bjørneteneste

Torbjørn Røe Isaksen

OVERRASKA: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen er overraska over at Ap stemmer mot forlaget om fråværsgrense, meiner politikarane gjer elevane ei bjørneteneste ved å ikkje innføre grensa.

Foto: Åserud, Lise / NTB scanpix

Men kunnskapsminsiter Torbjørn Røe Isaksen er overraska.

– Arbeidarpartiet snur 180 grader og følgjer etter SV som har sagt nei til fråværsgrensa. No seier òg Arbeidarpartiet nei, sjølv om dei er for i programmet sitt. No har dei fått den, men velgjer altså å stemme den ned.

Han meiner politikarane gjer elevane ei bjørneteneste ved å stemme ned fråværsgrensa.

– Det gir ikkje meir oppmøte på skolen, dei har ikkje noko bidrag til fråfall, og dei gjer ikkje elevane meir budd på arbeidslivet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger