Regjeringa foreslår at også elbilistar må betale den såkalla trafikkforsikringsavgifta (tidlegare årsavgift). Tidlegare har elbilar vore fritekne.
I budsjettet skriv Samferdsledepartementet at avgifta er eit første steg mot meir berekraftige bilavgifter.
For neste år blir avgifta 2135,25 kroner.
– Dette kom overraskande og er ei kraftig skatteskjerping. 320.000 elbilistar får ei rekning dei ikkje har rekna med, seier generalsekretær Christina Bu i Norsk elbilforening.
Ho meiner at regjeringa burde lagt seg på eit langt lågare nivå, og peiker på at avgifta for elbilar no er høgare enn veteranbilar, traktor og moped.
– Det er knapt noko innfasing når det er eit så høgt nivå. Elbilar burde hatt absolutt lågaste sats, seier ho.
Fram til 2018 betalte elbilistar ei redusert årsavgift, i 2017 var denne 455 kroner. Frå 1. januar 2018 blei årsavgifta med ei trafikkforsikringsavgift. Denne blei elbilistane fritatt frå.
- Les også:
– Håplaust
Elbiforeininga er også frustrert over at regjeringa ikkje løyver pengar til ladestasjonar og ladepunkt i burettslag, sameiger og garasjelag, slik Granavolden-plattforma legg opp til.
– Dei tar inn 800 millionar i auka avgifter, men kan ikkje sette av noko til støtteordninga dei har lova. Det er enormt dårleg, seier Bu.
Også Miljøpartiet Dei Grøne reagerer på forslaget.
– Det er håplaust, seier partileiar Une Bastholm.
– Dette er alvorleg for norsk klimapolitikk. Regjeringa held bensinprisen nede, samstundes som alle som eigar elbil må betale 2000 kroner ekstra i året. Dei gjer det altså meir attraktivt å eige bensinbil, og mindre attraktivt å eige elbil, seier ho.
Også særfordelen for ladbare hybridbilar blir foreslått stramma inn. Regjeringa vil no at bilen må kunne ha ei elektrisk rekkevidde på 75 kilometer for å få maksimalt frådrag i eingongsavgifta.
På den travle ladestasjonen på Danmarks plass i Bergen møter NRK fersk elbilist Jan Erike Engebretsen. Han kjøpte seg elbil i juni.
– Vi har vel venta på denne avgifta lenge. Elbilkøyrarar må også betale litt for bruken av vegen, så dette er heilt ok, seier han
– HEILT OK: Fersk elbileigar Jan Erik Engebretsen betaler gjerne trafikkforsikringsavgift.
Foto: Leif Rune Løland / NRKRekordhøg løyving til jernbane
- Regjeringa løyver 32,1 milliardar kroner til jernbane – opp frå 26,8 milliardar i forslaget frå i fjor.
- Dei foreslår 17,3 milliardar kroner til planlegging og utbygging av jernbanen.
- 2,1 milliardar kroner er foreslått til Intercity-prosjekta på Dovrebanen mellom Oslo og Hamar. Under desse ligg utbygging dobbeltspor mellom Venjar og Langset, dobbelspor frå Kleverud til Sørli, i tillegg til planlegging av Sørli-Åkersvika.
- Til fellesprosjektet Ringeriksbanen / E16 Høgkastet-Hønefoss løyver regjeringa om lag 170 millionar kroner. Dette kan gjere det mogleg å fatte investeringsvedtak neste år.
Nye vegprosjekt neste år
Når det gjeld store vegprosjekt, legg regjeringa opp til at midlane i hovudsak vil bli brukt på allereie vedtekne prosjekt.
Samstundes foreslår dei å starte opp desse vegprosjekta:
- E18 Lysaker – Ramstadsletta i Viken. 415 mill. frå staten og 615 millionar som er forskot av framtidige bompengeinntekter.
- E39 Myrmel – Lunde i Vestland. 606 mill. kroner.
- E39 Lønset – Hjelset I Møre og Romsdal.
- E39 Ørskogfjellet i Møre og Rosmdal.
- Rv. 5 Roa – Gran i Innlandet og Viken.
Budsjettsprekkar
I statsbudsjettet viser regjeringa og at fleire vegprosjekt har store budsjettsprekkar:
- Sluttprogronsane for E69 Skarvbergtunnelen i Porsanger i Finnmark ligg på rundt 1,4 milliardar kroner, 525 millionar kroner over budsjett.
- E39 Svegatjørn – Rådal i Vestland blir 1,4 milliardar dyrare enn kva ein trudde då bygginga starta i 2015.