Sokneprest Olaf Sigurd Gundersen har aldri vore med på liknande, og han gler seg over oppslutnaden. Han talde om lag 700 frammøtte.
Sokneprest Olaf Sigurd Gundersen gler seg over frammøtet. (Arkivfoto: NRK)
Ingen stunt i år
Men i Gloppen er dei vande med å slå rekordar i påsken. Tidlegare har kyrkjelydane i Gloppen brukt påskedagane til å lese Bibelen frå perm til perm og sunge seg gjennom heile salmeboka. I fjor bad kyrkjelydane i kommunen seg gjennom påskedagane.
Men i år var det ei heilt vanleg påskegudsteneste 1. påskedag. Likevel strøymde folk til kyrkja, til stor glede for soknepresten.
Var vakne
Gundersen seier spøkefullt at ein grunn til at så mange ville i kyrkja er at denne gongen kunne dei kome vakne til gudsteneste. For maratonopplegga tidlegare år har teke på nattesøvnen.