Hopp til innhold

500 lynnedslag og lokalt store nedbørsmengder på Vestlandet

– Hadde det vore ein større situasjon, så hadde vi kanskje sendt ut styrtregnvarsel. Det kan diskuterast om vi burde gjort det, seier statsmeteorolog.

Lynnedslag Førde

UVÊR: Laurdag kveld fekk delar av Vestlandet både nedbør og lynnedslag

Foto: Tipser / NRK

Laurdag kveld fekk delar av Vestlandet rikeleg med både nedbør og lynnedslag.

Frå klokka 1530 til 2030, vart det registrert kring 500 lynnedslag i eit belte mellom Voss og Florø.

Eksakt kor mykje nedbør som kom, er det derimot vanskeleg å slå fast.

For nedbøren var så lokal at fleire av dei offisielle målestasjonane ikkje vart trefte.

– Men stasjonen på Voss målte timesnedbør på 17 millimeter klokka 18. Elles har vi sett fleire uoffisielle målingar av privatpersonar, som fekk kring 45 millimeter. Det er store mengder, seier statsmeteorolog Ingrid Halland Soldal.

– 17 millimeter på ein time påverkar vassføring i elvar og bekkar?

– Hadde det vore jamt med ein god del nedbør tidlegare, så kunne det ført til ein god del skader og overflatevatn, ja, seier ho.

Heldigvis var det ikkje godt med nedbør i forkant av styrtregnet som løyste over ulike stader laurdag kveld. Men at det kom mykje regn enkelte stader, er det lite tvil om.

Flom i Høyanger

DRAMATISK: Fleire bekkar tok nye løp og trua lenge heimen til Geir og Ingrid Ytredal.

Foto: Høyanger brannvesen

E39 var stengd

Ved Teigen i Høyanger vart E39, hovudfartsåra mellom Ålesund og Bergen, stengd ein periode, då fleire bekkar tok nye løp og sette kurs mot heimen til Geir og Ingrid Ytredal.

Geir hadde akkurat rigga seg til for å få med seg fotballrunden då både kona og svigersonen sette i eit hyl.

– Vatnet kom som ei syndflod ned bakkane her, og fylte seg opp med vatn rundt huset her og vidare nedover bøen. Det såg fælt ut, seier Geir Ytredal.

– Politi og brannvesen kom raskt, men det var lite dei kunne gjere, legg han til.

Geir Ytredal

RYDDEJOBB: Fleire Geir Ytredal fekk ein skremmande kveld på laurdag.

Foto: NRK / NRK

Sjølv om ting roa seg etter kvart, sov ekteparet, dottera, svigersonen, to born og ein hund i Høyanger i natt. Søndag flytta dei heim att.

– Det er trygt her no. Det har kome litt vatn inn i kjellaren, men elles er det vasskjelda og vegen som må takast att, seier kona Ingrid.

– Viktigaste er at familien er trygge

– Sommaren går vel med til å ordne dette, men det viktigaste er at familien er trygge, seier Geir.

Han fortel at det var ei skremmande oppleving. Rett nok, langt frå like ille som mellom anna Utvik, Odda, Jølster, Luster og Aurland.

– Det har nok vore mange verre ting kring om i fylket, men for oss var dette skremmande. Vi var redde for at det kom meir, seier han.

No startar arbeidet med å rydde opp att, og både NVE, kommune og forsikringsselskap blir med det første invitert til garden.

Seks personar evakuerte under styrtregn i Høyanger.

VOLLE: Familie må kanskje lage ein volle for å sikre seg mot uvêr.

Foto: Høyanger brannvesen

Må lage volle

– NVE har vore her ein gang før. Vi må kanskje lage ein volle oppe i lia for å unngå at dette skjer igjen, seier Ytredal.

Hos Meteorologisk institutt seier Soldal at dei neste dagane ser ut til å bli rolegare enn i alle fall laurdagskvelden.

– Det er sommar og meir eller mindre ustabil luft kvar dag, så det er moglegheit for tore og mindre byer. Men per no er vi ikkje nervøse for så kraftige regnbyer.