Hopp til innhold

Dagen då 50 millimeter endevende bygda

UTVIK (NRK): Sommaren var på sitt beste. Det var sol og is og ferie. Så kom vatnet fossande. Men for nokre skulle flaumen vise seg å ikkje bli den største utfordringa.

Laster innhold, vennligst vent..

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Søndag 23. juli 2017: Det vart seint før Reidar Torheim (79) kom seg heim frå støylen, men no visste han at sauene hadde det godt på sommarbeite. Verre var det med haglbya som trefte han på heimvegen.

– Hagla var så store at det gjorde vondt då dei trefte skuldrene mine.

Klokka fire den natta rykte bulder og brak han ut av søvnen. Sauebonden gjekk i stova og speida mot fjorden.

– Eg talde hundre lyn på ein halv time.

Det vart eit varsel om kva som skulle kome.

Den store elva

Morgonen 24. juli var då Storelva ein gong for alle skulle vise seg sitt namn verdig. Det var søta bror som sende lågtrykket vestover. Heile fem fylke tok imot OBS-varsel om mogleg store nedbørsmengder. Men nedbøren fordelte seg ikkje utover fem fylke. Skyene slapp regnet ned på eit svært konsentrert område over Utvikfjellet i indre Nordfjord.

Laster innhold, vennligst vent..

– Det var brutalt, ekstremt frå a til å. Vi hadde aldri tenkt at noko slikt kunne skje, seier Arne Hage.

Tanja og Arne Hage.

RØMDE: Ekteparet Tanja og Arne Hage rømde saman med Neo då Storelva byrja å herje med eigedomen deira.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Sommarsola gjer at den erfarne maskinføraren myser der han sit i hagestolen på baksida av huset. Sidan dei flytta inn i 1995 har Storelva vore familien sin næraste nabo. Flaumen øydela det naboskapet.

– Vi såg elva ete seg inn mot huset, forklarar kona Tanja Hage.

Då vatnet til slutt fossa rundt hushjørna sprang dei. Saman med sonen og den kritkvite hund Neo vart dei hjelpelause vitne til at vatnet herja med heimen deira.

– Der for vegen, der for plenen vår, så for gjerdet vårt. Vi stod lenge og såg på og tenkte at dette kan umogleg gå bra, minnest Tanja.

Laster innhold, vennligst vent..

Måtte gje tapt

Reidar Torheim møter NRK ved den øvste av dei tre bruene som Storelva renn under på si ferd gjennom Utvik. Skuggelua er den same, men i dag ligg regnjakka og støvlane att heime. Torheim fortel at han var tidleg ute morgonen då vatnet kom. Det var ikkje dagen for ein ekstra kopp kaffi.

Storelva kasta brunt vatn, steinar og trestokkar opp på fylkesveg 60. Men Reidar Torheim er ein arbeidskar. 79-åringen er vand med å gå timevis i bratt fjellterreng. Så saman med bror sin forsøkte dei å rydde steinar vekk frå vegbana.

– Vi vart heilt hjelpelause når det vart så mykje.

Brigt Samdal, NVE

PÅ FERIE: Regionsjef i NVE, Brigt Samdal, var på ferie då naturkreftene tok laust i Utvik.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Ein som veit kva krefter som finst i vatn er Brigt Samdal. Som regionsjef i NVE på Vestlandet har han overvaka Mannen og sett korleis flaumvatnet herja med Odda, Flåm og Lærdal i 2014.

– Ein vert audmjuk når ein ser kreftene til naturen, seier Samdal.

Ein ferierande Samdal høyrde rapportane frå Utvik og Breim gjennom media og fekk varsla kollegaene sine. NVE var på plass ut på ettermiddagen. Dei er der enno.

– Det er berre tilfeldig at det ikkje går liv, seier regionsjef Brigt Samdal i NVE.

I tillegg til Storelva gjorde Brulandselva, like vest for Utvik sentrum, omfattande skader. Elva vrengde seg ut av sitt vande løp og øydela alt på sin veg mot fjorden. Også på sørsida av Utvikfjellet, på Breim fossa vassmengdene mot bustadhus og folk evakuerte.

– Det var sol overalt, men akkurat for Utvik og Breim vart det ein svært ekstrem situasjon, seier Samdal.

På ein måte gjekk det veldig bra i Utvik. Ingen omkom i dei veldige kreftene. Nabo vekte nabo, folk kom seg i tryggleik. Men øydeleggingane var totale. Bygda var rasert. Vegar og bruer var vekke, bygningar skylt på fjorden, røyrgatene til e-verket var knekte som sugerøyr.

– Det var berre heilt katastrofeområde. Asfalten var rulla saman som ein svissrull. Eg tenkte, herregud, alt er berre øydelagt, huskar Tanja Hage.

Laster innhold, vennligst vent..

Huset slår sprekker

Men alt var ikkje berre øydelagt, ifølgje forsikringsselskapet til familien Hage. Dei fekk beskjed om at huset var uskadd.

Men i vindaugekarmane kom det stadig nye sprekker. Døra i kjellaren var blitt så treig. Kva grunn stod eigentleg huset på?

– Vi hadde sett at vatnet gjekk under huset. Eg jobbar no med dette, og slo meg ikkje til ro med at dette var greitt, seier Arne Hage.

Huset til Tanja og Arne Haga.

KONDEMNERT: Storelva fossa gjennom tunet til Tanja og Arne Hage. Skadane vart så store på grunnen at dei aldri meir får bu i huset.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dei betalte av eiga lomme for ei undersøking og åtte målepunkt vart plassert i kjellaren.

– Berre dei tre første vekene seig huset mellom tre og åtte millimeter, seier Arne Hage.

I påska kom beskjeden om at heimen deira vert kondemnert. Forsikringsselskapet er samd, huset er ikkje til å redde.

– Det kostar ganske mykje mentalt. Ein vert sliten. Tankar om at no må vi få ei ordning på det, no må vi få eit svar, no kan ikkje vi gå å gruble lenger, sukkar Tanja.

No vert det husbygging på heimgarden til Arne, eit godt stykke frå Storelva. Å endeleg kunne gå vidare betyr mykje. Men ikkje alle er komne så langt. Nede ved fjorden står ein kvitmåla heim med ei uviss skjebne.

Laster innhold, vennligst vent..

Den store draumen

Per Inge Verlo

MÅ RIVAST: Per Inge Verlo og kona tok til på oppryddingsarbeidet etter flaumen. No er det høgst uvisst om dei nokon gong får bu i huset.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Einaste som heng att er lysekruna og varmepumpa, seier Per Inge Verlo.

Han balanserer på golvbjelkane i det som var heimen til familien fram til morgonen 24. juli. Dei var midt i oppussing, for endeleg hadde dei tatt steget. Det store huset frå 1800-talet skulle tilbake i fordoms prakt.

– Her inne var kjøkkenet vårt. Vi var nesten ferdig med oppussinga.

Verlo halvvegs ler og halvvegs sukkar. Det er ikkje kjekt å kome heim, synet gjer han berre trist. Under føtene er det rett ned i steingrunnen. Elleve månader er gått sidan vassmassane pressa seg inn, sidan gjørme og stein fylte kjellaren til randa.

Det såg håplaust ut. Men ekteparet Verlo fatta mot, heldt fast på husdraumen og begynte på oppryddingsarbeidet. Lite visste dei om beskjeden som skulle kome ni månader seinare.

Laster innhold, vennligst vent..

Lever i kassar

Flaumskadar foran huset til Per Inge Verlo i Utvik

SLAGMARK: Det regna 50 millimeter på tre timar måndag 24. juli. Garden til Per Inge Verlo og kona låg att som ei slagmark etter flaumen.

Foto: Silje Guddal / NRK

– Det er jo elende. Vi var i full gong med å rette opp golvet, forklarar Verlo.

Etter flaumen jobba dei hardt for å redde stumpane. Huset stod til tørk gjennom vinteren, dei kom i mål med forsikringsoppgjeret og det kjekkaste av alt – i starten av april avtalte dei full rehabilitering med ein entreprenør. Men gleda varte ikkje ut månaden ein gong.

Statens vegvesen kalla inn til møte. Brua som ligg like ved eigedomen vart øydelagt av flaumen. Ei ny, flaumsikker bru krev meir plass. Alt arbeidet til familien er bortkasta.

Per Inge Verlo

RYDDA: Ekteparet Verlo har jobba hardt for å realisere husdraumen sin.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi vil få vegen heilt i stovevindauget, sukkar Verlo.

Truleg må huse rivast. Huseigaren slår ut med hendene. Han forstår ikkje korleis det kunne ta ni månader å kome fram til den konklusjonen. Kontakta med styresmaktene skildrar han som tung og vanskeleg.

– Dialogen har vore lik null. Flaumen skjedde fort og brutalt, det som har vore etterpå har vore vel så utfordrande.

– Korleis påverkar dette deg og familien?

– Det er tøft. Det er noko av det som slit mest. Det er jo heimen vår. Vi har jo ein plass å bu, men vi lever i kassar.

Laster innhold, vennligst vent..

Eit møte med byråkratiet

NVE vedgår at ting tek tid. Stryn kommune, NVE, Statens vegvesen og fylkeskommunen er berre nokre av partane. Eit betydeleg byråkrati, er orda Samdal brukar.

Kunne de informert dei som var råka av flaumen på ein betre måte?

–Ja, det er sjølvsagt. Det er lett å innrømme og beklage det.

Samdal vil ta lærdom av korleis dei løyste ting i Utvik.

– Det aller meste kokar nok ned til kommunikasjon. Det skal vi ta med oss vidare.

Ann Kristin Nes, miljøkontakt i Statens vegvsen.

VENTETID: Ann Kristin Nes, overingeniør i Statens vegvesen, meiner etatane må bli flinkare til å snakke saman for å få ned ventetida.

Foto: Anna Gytri / NRK

NVE skal lage ein plan for korleis elva og området rundt skal byggast opp for å tole ein ny flaum. Men sidan det ikkje er målestasjon for nedbør i Utvik vart arbeidet krevjande og sette Statens vegvesen sine planar i kvile.

– Vi går ikkje ut og seier at vi kanskje riv huset ditt før det er eit reelt alternativ. Vi har venta på utrekningane til NVE og alt anna, før vi kan konkludere med at det er eit alternativ, seier overingeniør Ann Kristin Nes i Statens vegvesen.

Samstundes erkjenner Nes at det er lenge å vente.

– Etatane må bli flinkare til å snakke saman ifrå starten av.

Laster innhold, vennligst vent..

Framover

Per Inge Verlo

UVISSE: Per Inge Verlo og kona veit framleis ikkje om dei får bu i huset sitt.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

Dagleglivet er for lengst tilbake i Utvik. Ungane saknar ballbingen som reiste med elva, men hus er reparert, vegen asfaltert, jordbæråkrar lappa saman.

No ventar Verlo på endeleg avklaring. Viss huset vert rive, kvar får han ny tomt?

– Vi veit ikkje. Det blir vel ein kamp, reknar eg med.

For Reidar Torheim vart møte med Utvik sentrum etter flaumen ei sterk oppleving.

– Då vi fekk sjå skadane lenger nede vart eg heilt sjokkerte. Eg har ikkje drøymt om at det kunne bli så gale.

– Med nye bruer og flaumvollar, er de trygge no?

– Vi håpar no det. Kjem det mykje skog nedover elva kan det tette seg igjen, men det skal vel noko til at det kjem så mykje vatn med det første, seier utvikaren.