Hopp til innhold

Snøras stenger Bergensbanen: 300 togpassasjerar er komne tilbake til start

Etter 13 timar var dei tilbake der ferda byrja. Passasjerane har gått av nattoget til Oslo og inn att på stasjonen i Bergen.

Her kjem dei første passasjerane av Oslo-toget i Bergen

Her kjem dei første passasjerane fram til togstasjonen i Bergen.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

Siste nytt: Bane Nor melder at Bergensbanen er open igjen like etter klokka 18.31 torsdag kveld.

– Strekket er no ope for togtrafikk, men vi driv å brøyter mellom Hallingskeid og Myrdal. Det er ope ved rasstaden, og det vil vere heilt ope klokka 19, seier pressekontakt Anne Kirkhusmo i Bane Nor til NRK.

Begge toga som sette ut på Bergensbanen seint i går kveld, skulle vere framme i Oslo og Bergen klokka 06.27.

I mange timar sat dei faste på kvar si side av fjellet utan å vite kva som skjedde vidare, fortel fleire passasjerar til NRK.

– Det har vore veldig dårleg informasjon. Vi fekk ikkje beskjed i det heile vi på sovekupeen, seier Nora Veronica Lund-Johannesen.

Like etter klokka 16.45 skreiv Bane Nor først at dei venta å opne strekninga mellom Myrdal og Hallingskeid klokka 18.30 i kveld.

Nora Veronica Lund-Johannesen

Lund-Johannesen seier dei har fått sove medan toget stod stille, men at dei var der mange timar i uvisse.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

Etter mange timar med uvisse kom beskjeden: eit snøras hadde øydelagt skjenene mellom Myrdal og Hallingskeid, og begge toga måtte snu.

Lund-Johannesen håpar på å få reist heim i kveld for å sjå dottera si, og feire bursdagen i morgon med familie og vener. Men korleis veit ho ikkje enno.

– Det eg fekk vite no er at dersom vi hadde gått av på Voss, så hadde vi fått maxitaxi eller taxi eller buss over fjellet og mot Oslo. Den informasjonen kom ikkje frå konduktørane.

– Vi fekk berre beskjed om å bli på toget og at vi skulle kome tilbake til Bergen. No som vi står her i Bergen har vi fått beskjed om at vi må ordne returreisa sjølve, og at vi berre skal kontakte forsikringsselskap og sende rekninga til Vy.

Grete Line Simonsen

Togreisa vart lang, men då er det enda betre å komme heim seier Simonsen.

Foto: Lars Chr. Wallace / NRK

Endeleg heime

For Grete Line Simonsen vart reisa mykje lengre enn først tenkt, men ho berømmar dei tilsette i VY.

– Det tok 17 timar, eg visste at det var meld dårleg ver og var førebudd på at det kunne bli forsinka, men ikkje så mykje. No har vi komme med buss til Voss og så tog hit til Bergen. Konduktørane gav oss kaffi og mat, så stemninga om bord i toget var god, seier Simonsen.

Vy har tilbod om buss for tog til dei som skulle reist mot oslo torsdag ettermiddag.

Vy har tilbod om buss for tog til dei som skulle reist mot Oslo torsdag ettermiddag.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

Slit med å finne nok bussar

Pressevakt i Vy, Kaja Rynning Moen, seier dei har sendt nokre av passasjerane med buss mot Oslo, men at det har vore vanskeleg å få tak i nok bussar.

– Difor har med bedt dei passasjerane som kan om å ordna eigen transport, og senda rekninga til oss, seier Moen.

Til kritikken om manglande informasjon på sovekupéen seier ho følgande:

– Me gir ikkje beskjed over høgtalaranlegget på natta. Det trur eg folk som søv set pris på. Men det var personell i vognene som informerte dei som ynskja det, seier ho.

Frå Ål er ytterlegare 180 passasjerar på veg med buss for tog til Bergen, på vanskeleg vinterføre.

Rekk akkurat kveldsvakt i Oslo

NRK møtte også Theo Myking på togstasjonen i Bergen.

– Eg sat og tenkte: «Kva om det er nokon som har teke over toget, og det er noko kriminelt som skjer?» På eitt tidspunkt gjekk straumen også i ti minutt. Då sat vi der i mørket.

– Det kjendest litt ut som ein påskekrim. Så det var ikkje det verste som har skjedd meg, men det var heller ikkje så gøy, seier han.

Theo Myking

Myking seier at han ikkje har sove i det heile i natt.

Foto: Oda Eggesbø Ottesen / NRK

Myking er bartender, og har kjøpt billett til eit fly som går om nokre timar. Han skal på jobb allereie i kveld.

– Eg er sjukt sliten, men heldigvis kjøpte eg med meg snacks på toget, seier han i godt mot.

Strekninga Myrdal-Hallingskeid er no stengd. Bane Nor skriv på sine nettsider at dei avklarer situasjonen og vil koma med ei ny oppdatering klokka 15.00.

Togstans i natt

Toget til Oslo har stått på den eine sida av fjellet, ved Myrdal, medan toget til Bergen har stått på den andre sida, ved Ustaoset stasjon.

Klokka 09.30 var begge toga i bevegelse. Toget til Bergen snudde tilbake til Bergen, medan toget som kom frå Oslo returnerte til Ål.

Men problema starta lenge før snøskredet gjekk torsdag morgon.

Natt til torsdag køyrde eit godstog seg fast mellom Myrdal og Hallingskeid. Her fekk vêret skulda.

tog i bevegelse

Toget som skulle til Oslo er på veg til Bergen.

Foto: Jakob Naustdal / NRK

Så byrja snøen å skapa problem. I morgontimane var Bane Nor i gang med rydding og brøyting.

Då det nærma seg at toga kunne køyra, gjekk snøskredet mellom Myrdal og Hallingskeid.

– Status er at det var eit brøytetog som var i ferd med å brøyta over fjellet slik at nattoga kunne koma seg dit dei skulle, sa pressevakt i Bane Nor, Anne Kirkhusmo ved 9.30-tida.

Då oppdaga dei at det hadde gått eit snøras over eit snøoverbygg mellom Myrdal og Hallingskeid.

Toga kom seg ikkje forbi før snøen var rydda.

Utfordrande med buss for tog

– Det er utfordringar med buss for tog over fjell no på grunn av vanskelege køyreforhold og uvêret, seier Kaja Rynning Moen, pressevakt i Vy.

– Nokre bussar frå Ål kjem litt seinare. Det er litt enklare, det er kortare veg og der har me nokon bussar.

ål stasjon

Kø til bussane frå Ål.

Foto: Privat / Privat

For toget som var på veg i motsett retning er det litt vanskelegare å ordna transport.

– Me jobbar med det og bestiller bussar. Me oppmodar folk som ikkje må reisa i dag om å vurdera om dei har moglegheit til å utsetja litt, sa Moen i dag tidleg.

For vidare informasjon viser ho til Vy sine reisevilkår.

tog på Ustaoset

På Ustaoset var det arbeid utanfor togvindauga.

Foto: Privat / Privat

Over 12 timar frå vest til aust

Det har blitt delt ut mat og vatn på begge toga. Dei har også vore varme heile tida.

Clarence Ching er også på veg til Bergen. Han fortel at toaletta om bord ei stund slutta å fungere.

– Vi fekk beskjed om at på grunn av lite straum så har vasspumpene stoppa å verke. Det betyr at ingen toalett er tilgjengelege no, sa han ved 9-tida.

Like etterpå fekk han beskjed om at toget har fått kopla seg til ekstern straum og at toaletta snart skulle verke igjen.

tog på Ustaoset

Det blei sett fram vatn og snacks som passasjerane kunne forsyna seg av på toget som var på veg til Bergen.

Foto: Privat / Privat

Det var like over klokka 08.30 at Ching på toget til Bergen fekk informasjon om at toget skulle snu og returnere.

Ching fortel også at temperaturen om bord har vore god, restauranten har vore open, og at toget var roleg og fredeleg.

– Det er ikkje noko kaos, og dei fleste søv, sa han klokka 07.30.

tog på Ustaoset

Ching skulle frå Oslo til Bergen.

Foto: Privat / Privat

Les også Uværet «Gerrit» har ført til stengte veier og store skader

Lenhard Bore

Rett til flyplassen

I motsett retning reiser Hege Bjørnør. Ho skulle vore i Oslo før klokka 7.

– Eg reiser nok rett til Flesland for å prøva å koma meg med eit fly, seier ho.

Ho var førebudd på ein strabasiøs tur, og har nok av mat og drikke. I tillegg har ho lasta ned tre lydbøker.

Ved 9-tida er ho snart ferdig med den første. Ho håpar ho slepp å bli ferdig med dei to siste før dei er tilbake i Bergen att.

– Sjølv om det er kjedeleg, har eg det greitt.

buss for tog ål vy bane nor

Bussane skal gå direkte frå Ål til Bergen. Motsett retning er det meir utfordrande å få tak i bussar.

Foto: Privat / Privat

Mellom Oslo og Ål er det ope for togtrafikk, så der skal regiontoga gå som normalt.

Toga går også mellom Bergen, Voss og Myrdal, men her har det vore forseinkingar i morgontimane.

Nær Bergen er det signalfeil som gjer at toga køyrer med redusert hastigheit på strekninga.

Morgontoga som skulle over fjellet har blitt stansa.

– Toget som skulle gå frå Bergen blei stansa, og toget som gjekk frå Oslo blei stoppa i Asker. Me kan ikkje køyra før Bane Nor seier det er ope, seier Moen i Vy.