Hopp til innhold

Unge og gamle sambygdingar har laga avis i 40 år

JOSTEDAL (NRK): Heilt sidan 1977 har elevar ved Jostedal skule og vaksne i bygda, skrive og gjeve ut Jostedal skule- og bygdeavis. I helga hadde dei sleppfest for 40. gong.

Sondre Norberg (12), Stig Kvam (11), Lars Andreas Myklebust Neset (10) og rektor Mette Reinertsen

JOURNALISTAR: Alle elevane ved Jostedal skule bidreg til avisa kvart år. Frå venstre Sondre Norberg (12), Stig Kvam (11), Lars Andreas Myklebust Neset (10) og rektor Mette Reinertsen.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Vi har skrive om alle turistbedriftene, om våre eigne interesser og i tillegg har eg skrive om ein tur til Balestrand, seier Lars Andreas Myklebust Neset (10).

Han er ein av elevane ved Jostedal skule der alle elevar bidreg til å lage Jostedal skule- og bygdeavis.

I år kan bygda Jostedal i Luster feire at det er 40 år sidan den første utgåva blei skriven. Avisa er eit samarbeid mellom skulen og ein redaksjon vaksne sambygdingar.

Aukar lokalkjensla

Rektor ved skulen, Mette Reinertsen, trur avisa aukar kjensla av tilhøyrsle i bygda.

– Det er eit morosamt oppslagsverk, ein kan jo sjå kva som har hende i Jostedalen kvart einaste år, seier ho.

Den første utgåva av Jostedal skule- og bygdeavis

NUMMER EIN: – I starten var avisa A5-format og blei kopiert opp på den gamaldagse måten. Alt var skrive på skrivemaskin, så klippa og limt saman og så kopiert opp, seier ho og viser til utgåva frå 1977, fortel Reinertsen.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– For ungane sin del er det ein fin tradisjon å lære, og som gir dei ei kjensle av at vi er ei bygd med folk som høyrer saman på ein eller annan måte.

Dette blir bekrefta i tilbakemeldingane frå elevane. Stig Kvam (11) synest det har vore ein kjekk og lærerik prosess.

– Vi byrjar som regel med ein ide, så lagar vi tankekart, og så skriv vi teksten etter det. Det er ganske stress for det er utruleg mange tekstar å skrive, forklarar han.

Les det foreldra har skrive

Mange av elevane på skulen synest det er ekstra artig at også foreldra deira har skrive i avisa.

– Det er morosamt å sjå kva pappa skreiv då han gjekk her på skulen, seier Lars Andreas.

Mange av elevane har også sjølv skrive i avisa i fleire år. Sondre Norberg (12) er ein av dei.

– Det er kjekt å sjå korleis skriveferdigheita har utvikla seg.

I arkivet på skulen kan Reinertsen vise fram ei fullstendig samling av utgåvene av avisa.

– Her har vi alt, heilt frå 1977-utgåva til fjorårets utgåve, forklarar ho.

Arkivet på Jostedal skule

FULLSTENDIG ARKIV: I underetasjen på Jostedal skule kan ein finne kvar einaste utgåve av Jostedal skule- og bygdeavis.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

Gler seg

Olav Grov er ein av dei som har vore bidrege til avisa nesten sida oppstarten.

Olav Grov les ei utgåve Jostedal skule- og bygdeblad

SIDAN 1980: Olav Grov er stolt over det avisa har fått tid. Han har sjølv hatt ein finger med i kvar utgåve sidan 1980, samt vore redaktør i eit av utgåvene.

Foto: Arianrhod Engebø / NRK

– Det kjennest godt å tenke på at vi har greidd å gi ut avisa i alle år sidan 1977. Når du tenke tilbake til 1977 så er det ikkje så lang tid, men viss du tenker 40 år framover så er det veldig lenge, seier Grov.

Han gler seg til sleppfesten.

– Sleppefest er alltid kjekt, men i år blir det endå litt kjekkare.

Også skuleelevane gler seg.

– Vi skal både spele instrument, ha quiz og lese opp frå avisa, fortel Lars Andreas.

– Det blir kjekt å få bladet i handa. Då trur eg at vi kjem til å le, seier Stig.