Kart over sognebygder

Sjekk dei endringane i sognebygdene

Eit bilete kan seie tusen ord, heiter det. Men kor mange tusen ord desse luftbileta frå Sogn seier, er truleg umoglege å telje.

Ved hjelp av lokalhistorikarar og historielag ynskjer vi å presentere bilete som viser utviklinga for ei lang rekkje kommunesenter og vekststader frå det vakre fylket vårt.

Bileta har vi fått frå Kartverket, som i desse dagar held på med eit prosjekt som skal offentleggjere gamle bilete frå heile Norge. Vi har ikkje fått dekka alle kommunar, rett og slett fordi bileta ikkje er klare.

I Sogn har vi fått bilete frå Sogndal, Hermansverk, Gaupne, Øvre Årdal og Høyanger.

Diverre har vi ikkje lukkast å få hjelp til å forklare alle bileta, men vi oppdaterer artiklane om dette skulle endre seg. I tillegg har vi funne informasjon hos Statistisk sentralbyrå og Allkunne. Førebels er det uvisst om den nye kommunereforma kan resultere i storkommunar i Sogn.

Bileta har vi lagt oppå kvarandre slik at du kan bla deg «fram og tilbake i tid».

Leikanger kommune

I 1964 budde det 2.680 personar i kommunen. I 2010 var folketalet 2.182 innbyggjarar.

Leikanger og Balestrand kommunar var frå gamalt av ein stor kommune, saman med andre kringliggande bygder og bygder på sørsida av Sognefjorden. I 1849 vart Balestrand og fleire bygder utskilde som ein kommune.

Men det kom fleire reguleringar, i 1964 og 1992. Ved sistnemnde gjekk Feios, Borlaug og Fresvik til Vik, medan Frønningen gjekk til Lærdal.

All administrasjon for stat- og fylkeskommune vart samla på Hermansverk då Fylkeshuset opna i 1989.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Kjell Arne Valvik

Til liks med mange andre sentrumsstader er den mest dominerande endringa knytt til overgangen frå landbruk til sentrumsfunksjonar og andre næringar.

Kulturlandskapet er i endring, og det er særleg det sentrumsnære kulturlandskapet som har vore under sterkt press.

Det var mykje frukthagar med store frukttre i 1964. I dag ser vi ei attgroing i kulturlandskapet med framvekst av lauvtre. Vi ser at fruktdyrkinga er mykje mindre dominerande i landskapet, der ein har gått frå store til mindre tre.

Bærtunneler på Hermansverk

TUNNELAR: Fruktdyrking har alltid stått sterkt i fylkeshovudstaden, Hermansverk. Spesielt på Røysa, til venstre for fotballbana, og Njøs.

Foto: Kartverket

På Røysa og Njøs er det store felt med dyrking av bringebær i tunnelar, noko som gjer bygda til ei dominerande bringebærbygd saman med Vik/Vangsnes. Klyngetunet på Henja ligg framleis med tunstruktur og tilhøyrande jordbrukslandskap i hevd.

Landskapet er i dag i større grad dominert av bustader og administrasjonsbygg. Strandlina er teken meir i bruk til bustader, og i sentrum til administrasjonsbygg og næringsverksemd.

Leikanger kommune har satsa på å utvikle Hermansverk som sentrumsområde i kommunen, med Saften og sentrumsplassen som dei viktigaste elementa.

I sentrum finn vi mellom anna fylkeshuset frå 1990 og NAV-bygget (Aarskogbygget) som vart utbygd i fleire omgangar. Vegkontoret med Regionvegsjefen vart bygt ut i fleire omgangar frå midt på 70-talet. Sparebanken sitt bygg frå 1980-talet romma i nokre år Sogn politikammer. Statens Hus, med fylkesmannen og andre statlege kontor, vart bygd i 2005.

Hovudstrukturen på vegane er framleis slik den var i 1964. I øvre og sentrumsnære deler av bygda er store areal nytta til bustadar, og idrettsanlegget er vidare utbygd knytt til Leikanger Barneskule. Skulen er bygd i to omgangar; tidleg på 80-talet og 90-talet.

Sjukeheimen på Ohnstadhaugen

SIGNALBYGG: Sjukeheimen på Ohnstadhaugen kjem tydeleg fram på biletet frå Kartverket.

Foto: Kartverket

Sjukeheimen på Ohnstadhaugen var bygd på Skakkgarden tidleg på 2000-talet. Vegen til Dalen er lagt om, og skytebana er bygd i Eivaldgjerdet. Marin Harvest har etablert seg med settefiskanlegg i Riverdalen. Knausen pensjonat er utvida og vorte til Sognefjord Hotel.

Som teikn på velstandsutviklinga er det bygd stor båthamn i to omgangar. Første utbygginga (vestre hamn) kom på 80-talet, og austre hamn samstundes med utbygginga av Fatlatunnelen som opna i 2008.

Sogndal kommune

Det eldste biletet vi har frå Sogndal, er frå 1966. Då budde det 4.073 innbyggjarar i kommunen. I 2014 hadde folketalet nær dobla seg, til 7.623 innbyggjarar.

Den største endringa på kommunegrensene kom i 2000, då Fjærland vart skilt frå Balestrand og lagt under Sogndal.

Laster innhold, vennligst vent..

Lokal guide: Aage Engeseter

Frå fruktbygd til bygdeby kan vera ei høvande overskrift på det vi kan sjå på desse to bileta av sentrum av Sogndal frå 1966 og 2014.

I 1966 dominerer store frukthagar biletet av bygda, og det er lett å skjøna kvifor hovudvegen gjennom sentrum hadde fått namnet Gravensteinsgata: På begge sider av gata bogna dei store epletrea, der det no er kjøpesenter og kulturhus.

I 2014 er det ikkje lenger frukthagar, men bustader, næringsbygg, skulebygg og idrettsanlegg som mest pregar bygdebyen.

Første store moderne byggefelt i Sogndal, Leite

LEITE: Det første store moderne byggefeltet vart bygt ut i område bak Sogningen storsenter.

Foto: Kartverket

I 1966 var Leite, det første store moderne byggefeltet i Sogndal nett utbygd, langs Leitevegen og Markavegen. 8–10 år seinare heldt bustadbygginga fram i dette området, langs to nye vegar som knytte Leitevegen og den gamle Åbergevegen saman; Rutlinslid og Kongabergvegen.

I 1966 var også dei første bustadhusa bygde på Rødstokken, men den store utbygginga av frukthagane her kom ikkje før 1980- og 90-talet.

Midt på 1980-talet vart også frukthagen på Navarsete gjort om til bustadområde, og kring tusenårsskiftet fekk ein dei første bustadblokkene i bygda: Hovsmarki og seinare Ulvahaugen, Sjøkanten og Solsida.

Denne bustadbygginga var sjølvsagt eit resultat av ein solid folkeauke i Sogndal. Så kan ein spørja: Kvifor i all vera vaks denne bygda så mykje?

Her var ikkje mykje industri, sjølv om slakteriet og Lerum var vel etablerte i god tid før 1966, og skapte ein god del arbeidsplassar. Ei hovudforklaring for utviklinga må ligga i at Sogndal har hatt ei gunstig – og heldig – plassering i den ålmenne moderniseringa som samfunnet har gått gjennom frå 1960-talet til våre dagar: Aukande velstand gav grunnlag for auka handelsverksemd og bilen og utbygginga av vegnettet gjorde Sogndal til det naturlege handelssenteret i distriktet. Mykje av veksten har også kome som resultat av veksten i tenesteyting – særleg offentleg tenesteyting, både i Sogndal og i nabobygda Leikanger.

Fosshaugane

BYDEL: Fotballen har stått sterkt i Sogndal, og utgjer utdanningsinstitusjonane og Sogndal Fotball nærast ein eigen bydel, Fosshaugane Campus.

Foto: Kartverket

Byråkratiet på Leikanger og utdanningsinstitusjonane i Sogndal har vore avgjerande for utviklinga vi kan lesa ut av dei to bileta.

Symbiosen mellom utdanningsinstitusjonane og idretten må heller ikkje gløymast. Denne har resultert i Fosshaugane Campus, nærast ein ny bydel i 2014, i eit område der det i 1966 fanst ei primitiv fotballbane og eit nybygd gymnas, omgitt av frukthagar.

Luster kommune

Innbyggjartalet i kommunen var 5.713 i 1964. I 2012 budde det 5.026 personar i kommunen.

Luster slik vi kjenner det i dag er eit resultat av den store kommunereguleringa i 1965, då kommuneeiningane Luster, Jostedal og Hafslo vart slegne saman til ein kommune.

Laster innhold, vennligst vent..

Årdal kommune

Det eldste bilete vi har frå Øvre Årdal er frå 1957. Då budde det 4.973 innbyggjarar i Årdal kommune. Det budde 5.549 i kommunen då det nyaste biletet vart teke i 2006.

Årdal kommune vart eigen kommune i 1860, då den vart utskild frå Lærdal kommune. Sidan har kommunen hatt om lag dei same kommunegrensene.

Einaste endringa skjedde i 1965, då Luggenes og Bermål på sørsida av Årdalsfjorden vart overført til Lærdal kommune.

Laster innhold, vennligst vent..

Høyanger kommune

Det har vore ein lang veg for Høyanger kommune slik vi kjenner den i dag. Kommunekartet i denne delen av fylket vart endra fleire gonger sidan 1850-åra. Enkelte endringar har vore meir omstridde enn andre.

Den siste endringa skjedde i 1964, då gamle Lavik og Kyrkjebø kommunar vart slegne saman til Høyanger.

Dette er også det første året vi finn innbyggjartal for kommunen, 5.636. I 2015 budde det 4.169 innbyggjarar i Høyanger.

Laster innhold, vennligst vent..