Hopp til innhold

35.000 laks på rømmen

Totalt 35.000 laks rømde frå Aller Aqua sitt anlegg i Vadheim førre helg. Det stadfestar selskapet til NRK. Rømminga vart oppdaga 29. oktober, i samband med at fisk smitta med pankreassjukdom skulle slaktast. Fisken rømde gjennom eit hol på 4x4 meter. Selskapet gjennomførde søndag teljing av fisken som stod att i merda.