Hopp til innhold

24 båtmotorar stolne på seks dagar: Tre menn sikta for organisert kriminalitet

Politiet trur at kriminelle saumfer norske båthamner og omset tjuvegodset for millionar i Aust-Europa. Tirsdag kveld blei ytterlegare 20 båtmotorar funne.

Tjuvgods i varebil.

STOLNE MOTORER: Dette er beslaget politiet gjorde i natt. Fire motorar stolne i området der tjuvane blei pågripne.

Foto: Politiet

Dei siste vekene har påhengsmotorar for fleire millionar blitt stolne frå Nordhordland og Bergen.

Natt til tirsdag skjedde eit nytt tjuveri, denne gang på Askøy.

Men politiet, etter ei veke med etterforsking, hadde peika ut ein type bil dei var på jakt etter. I bilen sat to menn, med det politiet meiner var ferskt tjuvgods i bagasjerommet.

Seinare blei ein tredje mann pågripen i Bergen. Desse tre er sikta og fengsla.

– Desse tre blir no sikta for å ha stole totalt 24 påhengsmotorar dei siste seks nettene, seier Kjell Idar Vangberg, lensmann i Nordhordland.

Litt over klokka 18.30 tysdag kveld melder Vest politidistrikt at ytterlegare 20 påhengsmotorar er funne.

Dermed har politiet funne alle motorane dei mistenkte var stolne.

– Motorane blei funne ved ransaking ein stad i Nordhordland. Meir vil eg ikkje seia, seier lensmann Kjell Idar Vangberg.

Han viser til «klare etterforskingssteg» som årsaka til at motorane blei funne.

Motoren er klipt rett av på denne båten.

PLUTSELEG VEKKE: Trass i at båten ligg i vatnet, og ei inngjerda hamn, kan motoren plutseleg vere stolen. Spesielt typen Yamaha er populær blant tjuvane, ifølgje politiet.

Foto: Ann Kristin Mangerøy

Mistenkar organisert kriminalitet

Berre i Vestland har det vore minst 40 tjuveri av påhengsmotorar så langt i år, og i det siste har det eksplodert.

Totalverdien på dei 24 motorane er om lag 1,5 millionar kroner.

Politiet har mistanke om organisert kriminalitet. Lensmann Vangberg fortel at dei pågripne er menn i tjue åra av austeuropeisk opphav.

Teorien er at motorane blir transporterte ute av landet og omsette for millionar på marknaden i Aust-Europa.

– Uansett korleis motoren er sikra blir han klypt av båtane med godt utstyr og frakta frå staden med forholdsvis store varebilar, seier lensmann Vangberg.

Lensmann Kjell-Idar Vangberg

ÅTVARAR: Lensmann Kjell Idar Vangberg i Nordhordland ber båteigarar vera på vakt, sjølv etter fleire pågripingar i saka.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Båteigar: – Desse er proffe

Tjuveri frå norske båteigarar kosta forsikringsbransjen over 62 millionar kroner i fjor, ifølgje Frende.

2020 kan bli verre.

– Det er kanskje berre toppen av isfjellet vi har teke no, seier Vangberg.

På Radøy i Alver kommune oppdaga Ann Kristin Mangerøy og mannen hennar at deira motor var stolen.

Det same gjaldt fire andre i båthamna.

– Dei er proffe, den eine motoren var mellom 100 og 120 kilo, og du skal vere ganske sterk for å ta med deg den, seier Mangerøy.

Både Strilen og Avisa Nordhordland har skrive om tjuveriraida.

Snekkevika båthamn på Radøy, kor fem påhengsmotorar blei stolne.

RIBBA: Snekkevika båthamn på Radøy i Alver kommune blei råka av tjuvar, og fem motorar forsvann.

Foto: Ann Kristin Mangerøy

Ber båthamner vurdera vakthald

Politiet meiner at tjuvane brukar lastebil med kran. Mindre bilar blir nytta til å «speide» og peike ut båthamner.

– Kor mange som er involvert i dette er vanskeleg å seie, men tradisjonelt er det eit forholdsvis godt organisert nettverk, så vi må jobbe utifrå det, seier Kjell Idar Vangberg.

Og verken gjerde, bom eller hengjelås ser ut å hjelpe. Tjuvane klipper seg raskt gjennom stålet.

– Vegar som er stengde med bom vert køyrd forbi i utmark eller så vert hengjelåsen klipt med boltekuttar, skriv politiet sin nettpatrulje i Vest på Facebook.

Lensmann Vangberg seier dei største båthamnene bør vurdera å organisera ein form for vakthald eller alarm og varsle politiet om dei ser noko mistenkeleg.

Etter desse tre er pågripne, gjelder dette fortsatt?

– Vi har iallfall slått ned på desse som har vore aktive den siste veka, men folk må fortsatt vise merksemd, seier han.