Hopp til innhold

Fleire enn kvar femte nordmann bør vaksinere seg i haust

1,6 millionar nordmenn blir råda til å ta vaksinen, men til no har ein aldri klart å vaksinere alle som treng det. Tvert i mot går talet ned.

Her tek apotekar Anne-Grete Reikvam influensavaksine.

Apotekar Anne-Grete Reikvam tek vaksinen sjølv på jobb. FHI anbefaler også personar som jobbar i helsetenesta å ta vaksinen.

Foto: Matilde Sunde Solsvik / NRK

– Eg skal ta både korona- og influensavaksine på same dag i år, ei i kvar arm, fortel Hanne Schnitler (69).

Ho plar ta influensavaksinen vart år, men har no også fått tilbod frå kommunen om å ta oppfriskingsdose av koronavaksinen same dag.

Folkehelseinstituttet (FHI) åtvarar mot det som kan bli ein kraftig influensasesong med fleire virus i omløp.

Men altfor få av oss gjer som pensjonisten i Førde.

Hanne Shcnitler

Hanne Schnitler (69) skal ta både korona- og influensavaksinen på same dag, ein i kvar arm.

Foto: Matilde Sunde Solsvik

Færre tok vaksine

Ifølgje FHI er det 1,6 millionar nordmenn som høyrer til ei risikogruppe, og som difor bør ta influensavaksinen.

Men det siste året har talet vaksinerte blant dei med kronisk sjukdom, eldre over 65 år og gravide falle frå 63 til 59 prosent, viser tal frå Helsedirektoratet.

Også blant helsepersonell går tala ned.

– Vi jobbar hardt for å auke dekninga, seier Are Stuwits Berg, overlege og avdelingsdirektør for smittevern og vaksine ved FHI.

Karianne Jørgensen holder nøklene til sin første jobb som fast sykepleier på Røst.

Til og med blant helsepersonell går talet på vaksinerte ned i 2023.

Foto: Marie Staberg

Han fortel at dei ynskjer at folk skal ta vaksinen for å redusere faren for alvorleg sjukdom.

– Det å unngå stor belastning i helsetenesta og unødvendige dødsfall er noko av det viktigaste med å anbefale det tydeleg til dei med risiko for dette, fortel Berg.

Bør ein som frisk og ung ta vaksinen?

– Eg vil heller sei kan enn bør. Frå vår side er det viktigaste å seie bør til dei som er i risikogruppa. Til alle dei andre, seier vi at dei kan ta den, seier han.

Han meiner at for dei unge og friske vil det vere mest for deira eigen skuld.

Lege: – Beskyttar godt

Ingen medisinsk behandling kjem med ein garanti, seier kommuneoverlege i Sunnfjord Øystein Furnes til NRK.

Han forklarar at ein også kan bli smitta når ein er vaksinert, men at immunforsvaret er klart for å beskytte mot virus dersom ein er vaksinert.

Øystein Furnes

Kommuneoverlege Øystein Furnes i Sunnfjord kjem med ei særleg oppmoding til foreldre med utsette born.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Kvart år døyr om lag 1000 personar etter å ha blitt smitta av eit virus. I fjor vart om lag 5500 innlagde på sjukehus grunna komplikasjonar ved influensasjukdom.

Årets vaksinar vert laga på bakgrunn av kva virus som dominerer, men det er ikkje mogleg å seie kor godt den fungerer enno.

Fasiten veit ein først når årets influensasesong er over, men det er tydeleg primært tre ulike virusvariantar som er aktuelle for komande vinter, seier Furnes.

Han peikar på at immuniteten i befolkninga særleg god mot desse og at det difor er viktig at risikogruppene tek vaksinen.

Kommuneoverlegen oppmodar særleg foreldre av små barn i risikogrupper å nytte den.

– Få av desse tok vaksinen i fjor, men vi veit at også små barn med risikofaktorar får alvorlege influensaforløp.

Fall Vaccines Explainer

I haust kjem det også ein oppdatert versjon av koronavaksinen.

Foto: Melissa Phillip / AP

Anbefaler både korona- og influensavaksine

Parallelt med influensavaksinen, kjem det no også ein oppdatert versjon av koronavaksinen.

Dei nye versjonane av koronavaksinen skal vere ekstra beskyttande mot omikronvarianten.

FHI tilrår at alle i risikogrupper også fornyar denne. Det er nemleg venta at viruset også denne vinteren får ein oppsving.

– Til no har koronaviruset endra seg litt frå år til år. Vi ser at immuniteten ikkje varer så lenge etter ein har hatt viruset og etter ein har teke vaksine, seier Are Stuwits Berg.

Også influensavirusa endrar seg frå år til år. Dermed bør ein ta oppfriskingsdosar av både korona- og influensavaksinen, legger han til.