Hopp til innhold

Køyrer i 219 kilometer i timen når han krasjar

Ein video som er spreidd på sosiale medium, viser at 18-åringen køyrer i 219 kilometer i timen når han krasjar. Politiet er kjent med fleire saker der tilsvarande køyring er filma og delt.

I videoen filmar passasjeren fartsmålaren like før bilen køyrer av vegen på Bømlo, sør i Vestland. Ein 18-åring er sikta for aktlaus køyring.

Køyring i så høg fart som den aktuelle videoen viser, er sterkt kritikkverdig og skaper ein svært stor fare for dei involverte og utanforståande. I ytste konsekvens kan liv gå tapt. Personar som vel å køyra så fort, risikerer fengsel utan vilkår, seier etterforskingsleiar Kim Nedrehegg ved Stord politistasjon.

Politiet ser alvorleg på at råkøyring blir brukt som underhaldning i sosiale medium, seier påtaleansvarleg Emma Michaela Moore ved Sørvest politidistrikt.

Skjermbilete av video som viser råkøyring

Skjermbilete av videoen som viser råkøyring i forkant av ulukka.

Foto: tipsar

Politiet har sett fleire videoar

Ulukka skjedde ved avkøyrsla til Folderøyhamn på Bømlo seint laurdag kveld. Det var to personar i bilen, og dei kom frå ulukka utan store skadar.

Politiet har avhøyrt den 18 år gamle sjåføren. Førarkortet hans er beslaglagt, og han har status som sikta.

– Me ønskjer førebels ikkje å gå inn på kva han har forklart. Politiet har ikkje mistanke om at ulukka er forårsaka av ruspåverka køyring, men undersøkjer om bilen har hatt høg fart. Det er for tidleg å konkludera med hendingsforløp, ifølgje påtaleansvarleg Emma Michaela Moore.

Politiet har fått fleire videoar, som viser delar av hendinga.

Noko av det politiet undersøkjer i denne saka, er om videoane er blitt delte i sosiale medium. På generelt grunnlag kan me seia at høg fart i trafikken kan få svært alvorlege konsekvensar, både for sjåføren og andre.

18-åringen har ikkje krav på offentleg oppnemnt forsvarar, og har heller ikkje engasjert forsvarar privat, opplyser politiet.

Les også Unge råkjører i over 300 km/t på E18

Bilde av dashbord.

– Videoen har spreidd seg fort

NRK har fått to videoar tilsende av ein tipsar, som ønskjer å vera anonym.

Han seier at videoen av køyringa er delt i ei snapchat-gruppe som handlar om «bil og samling», og at videoen har spreidd seg ganske fort.

– Det er nokre få som har lagt ut videoar av køyring i høg fart tidlegare. Er som regel ei gruppe mellom 18 og 20 år som driv med dette, ifølgje tipsaren.

Det øydelegg veldig masse for andre som er interesserte i bilar i området. Det skaper eit veldig dårleg rykte.

Les også – Unge har blitt så avhengig av telefonen at de setter andres liv i fare

snapogkjør

Meiner motivet kan vera å visa seg fram

Seksjonsleiar for etterforsking ved Stord politistasjon, Kim Nedrehegg, seier det har vore fleire trafikkulukker som kunne ha enda fatalt i det siste.

Fleire av desse er forårsaka av høg fart.

Han presiserer at det ikkje har vore dødsulukker i området sidan 2019, men oppmodar særleg unge sjåførar om å ta eigne og kloke val i trafikken.

Politiet er kjent med fleire saker der tilsvarande køyring er filma og delt. Det er kjent at dette føregår både nasjonalt og internasjonalt. Motivasjonen står fram å vera det å visa seg fram, ifølgje Nedrehegg.

Ved å filma hendinga har dei dokumentasjon som kan brukast som skrytefaktor.

Les også Råkjørte i 288 km/t på E6: – Helt sinnssykt

Kjører i 288 km/t speedometer