Utlovar dusør: 17 tonn tung maskin er borte vekk

Tore Lynnebakken i Anleggssenteret Hadeland har blitt fråstole ei maskin på 17 tonn. No lovar han 100.000 i dusør etter at den forsvann som i lause lufta i Fjærland i Sogn.

Stole sikteverk

SPORLAUST VEKK: Anleggsmaskina på 17 tonn forsvann truleg natt til langfredag.

Foto: Privat

– Vi reknar med at det er nokon som veit kva dei gjer som står bak. Dette er ei maskin som er så stor at det ikkje er noko du berre tar under armen, seier dagleg leiar i Anleggssenteret, Tore Lynnebakken.

Den 17 tonn tunge maskina har ein verdi på mellom 600 og 700.000 tusen kroner. Tjuveriet skjedde truleg natt til langfredag.

I januar kjøpte firmaet til Lynnebakken fem sikteverk av eit firma på Sørlandet. Han fekk henta fire av maskinene. På grunn av vanskelege køyreforhold fekk han ikkje henta den femte som stod i Fjærland.

– Vi prøvde å hente sikteverket to gonger. Første gongen hadde det gått snøras over vegen, den andre gongen meinte sjåføren at vi måtte vente til sommaren før vi kunne hente den, seier Lynnebakken.

Utanfor allfarveg

Maskina stod parkert på ein skogsveg i Jordalen 11 kilometer frå farbar veg. Det gjer at eigarane av maskina meiner det må vere nokon med både kjennskap til maskina og kunnskap til å handtere ho, som står bak tjuveriet.

– Dette er ei maskin som er spesiell både å skulle starte og å køyre, og ikkje minst å få frakta. Sjølve maskina er kring 15 meter lang og veg 17 tonn, så her må dei hatt eit fullt vogntog for å fått ho med seg, seier Lynnebakken.

Stolen siktemaskin

PROFFE TJUVAR: Tjuvane må ha hatt vogntog for å fått med seg sikteverket, meiner eigar Tore Lynnebakken.

Foto: Privat

Lovar dusør

Tjuveriet vart først oppdaga onsdag denne veka. Eigarane ser ikkje vekk frå at dette har vore eit bestillingstjuveri og at maskina allereie kan vere ute av landet.

– Det vi håpar er at dei som har frakta maskina har passert ein bomstasjon og at vi kan få nokre klokkeslett og observasjonar som vi kan byrje å nøste i, seier maskinforhandlar Ruben Byberg Olsen.

Olsen formidla salet av anleggsmaskinene til Lynnebakken og hjelper han no i leitinga etter sikteverket som er stole. Dei har no lova ut 100 000 kroner tips til dei som kan hjelpe dei å få anleggsmaskina tilbake.

– Vi følte vi måtte gå ut med eit skikkeleg beløp, slik at det var noko som kunne freiste folk å hjelpe, seier Olsen

– Har de fått mange tips?

– Vi har fått ein del tips frå alle kantar av landet. Blant anna frå folk som har vore på langtur og meiner dei har sett ho på ein lastebil. Vi håpar jo at dusøren skal skape engasjement og hjelpe oss og politiet vidare i saka, seier Olsen.