Hopp til innhold

Ingen hovudtalar, korpsstreik, berre 30 møtte opp: Slik var tidenes 1. mai-fiasko i industribyen

I Odda har arbeidarane sin internasjonale kampdag stått sterkt, men for 15 år sidan gjekk ingenting som planlagt. – Alt som kunne gå gale, gjekk gale.

1.mai i 2006 i Odda.

ODDA: Alt som kunne gå gale, gjekk gale på 1. mai markeringa i Odda i 2006 (Arkiv).

Foto: Egil Torheim / NRK

Både i fjor og i år gjer korona at 1. mai markeringa blir heilt annleis, men ingenting kan måla seg med det som skjedde eller rettare sagt, ikkje skjedde, for 15 år sidan.

– Eg hugsar ganske nøyaktig den dagen der. No, så lang tid etter, kan eg le av det, men der og då så var det ein tung dag.

1. mai markeringa i Odda for 15 år sidan, sit friskt i minnet hos Nils Johan Ystanes som var LO-leiar i Indre Hardanger i 2006.

Markeringa i industribyen har vore ein ubroten tradisjon sidan det starta i 1907. Til tider har fleire tusen vore med på markeringa. Men i 2006 gjekk alt skeis og blir kalla tidenes 1. mai-fiasko.

Terje Kollbotn taler på 1. mai i Odda 2020

2020: I fjor vart det digital 1. mai-markering under korona. Men markeringa hadde både korps, tog og parolar.

Foto: Tale Hauso / NRK

Hovudtalaren stoppa av vinden

Vi startar med 1. mai-talaren som ikkje kom fram. Karita Bekkemellem var barne- og likestillingsminister og skulle halda hovudtalen. Men vindforholda i Hardanger gjorde at sjøflyet ikkje kunne landa.

I vinden skal to flagg blitt heist opp ned.

Bortsett frå dei lokale LO- og Arbeidarparti-arrangørane møtte berre mellom 20 og 30 oddingar fram på rådhusplassen.

Bjørn Vivelid, som på dei tidene var fagforeiningsleiar og lokalpolitikar summerte opp dagen i 2006 slik:

– Eg finn nesten ikkje ord for det. Dette har tradisjonelt sett vore ein viktig dag i Odda-samfunnet. Eg trur arbeidarbevegelsen har gjort jobben sin. Vi har det altfor godt no, så vi har ingenting å slåst for. Nei, det var ein blåstig affære, sa Vivelid.

Nils Johan Ystanes, personal- og kommunikasjonsansvarlig i Tizir.

-TRAGIKOMISK: Nils Johan Ystanes var LO-leiar i Indre Hardanger i 2006 og gløymer ikkje 1-mai-markeringa for 15 år sidan.

Foto: Tale Hauso / NRK

Streikande musikkorps

Ein viktig grunn til at det heile gjekk så gale var truleg at dei to lokale korpsa hadde varsla streik. Dei fekk nemleg melding frå kommunen at dei var sett på gata frå dei kommunale øvingslokala.

Så med eit streikande musikklag vart det ikkje musikk og heller ingen 1. mai-tog, for første gong i fredstid sidan 1907.

Utan korps så var tanken å spela Internasjonalen frå eit CD-anlegg. Men ut av høgtalarane kom ein tale av Einar Gerhardsen.

– Det var litt spesielt. Mange stod å venta på Internasjonalen, og lydteknikaren prøvde jo om igjen. Men det var stadig Gerhardsen som talte, seier Ystanes.

Og det heile toppa seg då ein journalist i lokalavisa ville ta bilete av hendinga, og vart skubba vekk av den noko stressa lydteknikaren, som altså ikkje fekk kampsongen ut av høgtalarane.

NRK-reporter Egil Torheim kunne dagen etter rapportera dette:

– Det var direkte fatalt og ein flause. Eg trur nok at dei få oddingane som møtte fram trudde nesten ikkje det dei såg, og ikkje høyrde, rettare sagt.

Egil Torheim, NRK-reporter
1.mai 2006 i Odda

FÅ SOM MØTTE: Mellom 20 og 30 oddingar møtte fram på rådhusplassen i Odda i 2006 (Arkiv).

Foto: Egil Torheim / NRK

Salutten einaste som var vellykka

Men det var ein ting som var vellykka under markeringa. Det var nemleg salutten.

Tre kraftige dynamittsalver drønna frå fjellsida høgt over Oddabyen.

– Heldigvis så smalt det presis klokka 15.00 som det skulle gjera, men det var vel det einaste som fungerte den dagen der. Med dei erfaringane frå den gong, så vil eg gje eit råd vidare. Hugs å heng flagga rett veg, humrar Ystanes no 15 år etter.

Men også i år blir det eit annleis år. Grunna korona blir det på same måte som i fjor, ei digital 1. mai-markering. Over heile landet kan ein få med seg digitale og lokale markeringar med tog, song, parolar og markeringar ved ulike minnesmerke.