14 får bot etter smittevernbrot

Politiet har skrive ut 14 nye forelegg for brot på smittevernreglane. 12 er etter ein fest 1. mai i Bergen, til 10.000 kroner per person. Ei kvinne i 50-åra må betale det same for å nekte koronatest etter Spaniatur. Ei kvinne i 30-åra må betale 20.000 kroner for å ha droppa karantenehotell etter å ha komme med danskebåten frå Polen.