I dag er det VHF-samband i 17 tunnelar i Sogn og Fjordane. Når det no skal kome naudnett i ytterlegare 12 tunnelar blir likevel mange av dei lange og eldste tunnelane ståande utan.
Sogn og Fjordane er eit fylke med mange og lange tunnelar. At fleire framleis skal bil ståande utan naudnett er noko stortingsrepresentant Ingrid Heggø frå Arbeidarpartiet reagerer på.
– Dette er ikkje godt nok, slår ho fast.
SJÅ LISTA OVER TUNNELAR SOM FÅR SAMBAND NEDST I SAKA
Vil ha samband i fleire tunnelar
Etter dødsulukka i Høyangertunnelen i fjor sommar vart det etterlyst naudsamband i den 7.5 kilometer lange tunnelen.
Det er heller ikkje mobildekning inne i tunnelen, og redningsmannskapa må difor gå ut av tunnelen for å få kontakt med naudetatane. Slik er situasjonen også i fleire andre tunnelar.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Men Høyangertunnelen på fylkesveg 55 er ikkje blant dei 12 tunnelane i Sogn og Fjordane som no skal få naudnett. Det er heller ikkje Frudalstunnelen og Fjærlandstunnelen på riksveg 5.
Av dei 12 tunnelane er 11 av dei nye tunnelar, som enno ikkje er tekne i bruk. Av dei eksisterande tunnelane er det berre den undersjøiske Skatestraumtunnelen på Bremangersambandet som er med på lista. Heggø meiner dette er for dårleg.
– Det er klart det skjer uhell i lange tunnelar sjølv om dei ikkje har så stor trafikk som det blir stilt krav om.
– Dette må vi sjå på på nytt, og prøve få til slik at vi faktisk får ein form for dekning inne i desse tunnelane også, seier ho.
(Artikkelen held fram under biletet)
FÅR IKKJE: Frudalstunnelen på riksveg 5 mellom Skei og Sogndal er ikkje på lista over tunnelane som får naudnett dei komande åra.
Foto: Kjell Arvid Stølen / NRKNoko av det dei fryktar mest
OVERRASKA: Fylkesberedskapssjef Haavard Stensvand er overraska over at mange lange tunnelar ikkje er på lista.
Foto: Arne Stubhaug / NRKVIL JOBBE VIDARE: Ap-politikar Ingrid Heggø vil jobbe vidare for at fleire av dei eldre og lange tunnelane skal få naudnett.
Foto: Brit Jorunn Svanes / NRKStore ulukker i tunnelar er noko av det redningsmannskapa fryktar aller mest. Og det kan fort skje.
I Norge er det 974 tunnelar med ei samla lenge på over 1000 kilometer. Nesten halvparten av dei er i Sogn og Fjordane og Hordaland.
At svært mange av tunnelane i Norge er utan mobildekning og VHF-samband gjer også redningsarbeidet krevjande.
– Om du ikkje har dekning for mobiltelefon eller VHF-sambandet vårt, så slit vi ekstra, sa varabrannsjef i Flora, Eivind Ask, til NRK.no tidlegare i år.
- LES OGSÅ:
- LES OGSÅ:
Fylkesberedskapssjefen er overraska
Direktoratet for naudkommunikasjon (DNK) vil ha naudnett i alle tunnelar over 500 meters lengde og som har ein årsdøgntrafikk på over 5000 bilar (dvs eit gjennomsnitt på 5000 bilar i døgnet).
Men ingen av tunnelane i Sogn og Fjordane er i nærleiken av slik trafikk. Størst er trafikken i Gudvangatunnelen på E16 med 2008 bilar i døgnet.
Det er i alt 85 tunnelar med ei lengde over 500 meter i Sogn og Fjordane.
Fylkesberedskapssjef Haavard Steensvand er overraska over at det ikkje blir naudsamband i dei lengste av dei eldre tunnelane.
– Dei lengste tunnelane bør vere utstyrte med naudnett. Eg forstår det vel slik at ein her i første omgang ikkje vil få ei dekning i alle tunnelane over 500 meter, seier han og legg til:
– Då tenkjer eg at iallfall dei lengste av desse tunnelane bør få samband.
Vil jobbe vidare med saka
Stortingsrepresentant Ingrid Heggø vil no prøve å overtyde dei rette instansane om at det bør vere naudsamband i alle dei lengste tunnelane.
– No har eg teke dette opp med Samferdsledepartementet og bede dei sjå på om vi har noko form for skjønn eller om det ligg inne, slik at vi kan sjå dei lange tunnelane som dette er verst for, seier Heggø til NRK.no.
Tunnelar med VHF-dekning i dag:
- Fv 617 Skåratunnelen, Vågsøy
- Fv 53 Naustbukttunnelen, Årdal
- Fv 55 Gullringen, Luster
- E16 Seltatunnelen, Lærdal
- E16 Tuftåstunnelen, Lærdal
- E16 Borgundtunnelen, Lærdal
- E16 Lærdalstunnelen, Lærdal/Aurland
- E16 Flenjatunnelen, Aurland
- E16 Gudvangatunnelen, Aurland
- Fv 55 Stedjebergtunnelen, Sogndal
- Fv 55 Fatlabergtunnelen, Leikanger
- Rv 5 Amlatunnelen, Sogndal
- Rv 5 Fodnestunnelen, Lærdal
- Rv 5 Støylsnestunnelen, Jølster
- Rv 5 Naustdalstunnelen, Naustdal/Flora
- E39 Bogstunnelen, Høyanger
- Rv 15 Hjelletunnelen, Stryn
I desse tunnelane er det planlagt utbygging av naudnett:
- E39 Noreviktunnelen, Høyanger
- E16 Borlaugstunnelen, Lærdal
- E39 Økslandtunnelen, Gaular
- E39 Breimsfjell 2, Gloppen
- Fv 616 Skatestraumtunnelen, Bremanger
- Fv 609 Eikenestunnelen, Askvoll
- Fv 609 Ottersteintunnelen, Askvoll
- Fv 609 Nishammartunnelen, Fjaler
- Fv 60 Agjeldtunnelen, Stryn
- Fv 337 Bjødnebakktunnelen, Luster
- Fv 616 Vingetunnelen, Bremanger
- Fv 391 Laukelandtunnelen, Gaular