Hopp til innhold

Fryktar tunnelulukker også i Norge

Ei stor ulukke i ein tunnel er sjølve marerittet for redningsmannskap. I Sveits mista 28 personar livet då ein buss køyrde i tunnelveggen tysdag kveld.

Video 45af0667-faae-4bc3-9b2d-9776208b2c1d.png

SJÅ TV-SAKA: Ein katastrofe som bussulykka i Sveits i går kveld er det verste tenkjelege scenarioet for redningsmannskap her på Vestlandet. Nær 350 av 1000 norske tunnelar ligg i Hordaland og Sogn og Fjordane.

22 av dei omkomne i ulukka ved tunnelmuninga nær byen Sierre i Sveits, var born.

Varabrannsjef i Flora, Eivind Ask, seier at ei bussulukke i seg sjølv er eit skrekkscenario for redningsmannskap.

Eivind Ask

VARASJEF: Eivind Ask i Flora.

Foto: Cosmin Cosma / NRK

– Ein tunnel gjer alt mykje verre. Både med tanke på framkomst og ambulansehelikopter som må stå utanfor tunnelen. Er tunnelen lang, så er det ei utfordring. Samband er ei utfordring, og ikkje minst er alt så mykje verre om det brenn, seier han.

– Kan like godt skje her

Ulukka vert omtala som den verste på sveitsiske vegar på 30 år. Mange av passasjerane om bord i bussen var belgiske skuleelevar på veg heim frå skiferie i alpane.

(Artikkelen held fram TV-bileta)

Video Bilde av ulykkesbussen i Sveits

SJÅ: Slik ser ulykkesbussen i Sveits ut.

Den belgiske statsministeren Elio di Rupo vil erklære ein nasjonal sørgjedag etter ulukka. Tragedien i Sveits har gjort inntrykk på heile verda.

– Det første som slår meg er at det like gjerne kan skje hos oss. Det er ikkje noko naturlov som seier at dette berre skjer andre stader, seier Ask.

– Har vore heldige

I Norge er det 974 vegtunnelar med ei samla lengde på over 1 000 kilometer. Av tunnelane er 420 i Hordaland og Sogn og Fjordane.

Arvid Gilje

HELDIGE: Arvid Gilje, brannsjef i Aurland.

Foto: Arne Veum

To av dei lengste tunnelane er i Aurland kommune, på hovudvegen mellom Bergen og Oslo, E16. Brannsjef Arvid Gilje fortel at dei berre i fjor hadde ti utrykkingar til hendingar i tunnelar. Dei siste åra har flaksen ofte stått dei bi.

– Vi har hatt fleire bussar og vogntog som har teke fyr i Gudvangatunnelen og Flenjatunnelen. Vi har vore heldige ikkje har vore det store, men må vere klar over at det kan skje ein stad også i Norge, seier han.

Ikkje godt nok rusta

For 24 år sidan skjedde ei tilsvarande ulukke i Norge. Då mista 12 born og fire vaksne livet i ei tragisk bussulukke i Måbødalen i Hordaland.

Brannsjef i Førde, Bernard Øberg, seier røykutvikling og varme gjer ei trafikkulukke langt verre, enn det ein faktisk såg i Sveits. For då må røykdykkarar inn før ein kan sende helsepersonell inn.

– Det viser berre utfordringa. Det er kanskje ikkje kvart brannvern her på bygda som er bygd på å serve slik innsats som i Sveits, trur Ask.

Vanskeleg å øve

I 2011 var mellom 300 og 400 tunnelar her i landet utan mobildekning

– Om du ikkje har dekning for mobiltelefon eller VHF-sambandet vårt, så slit vi ekstra. Då har du ingen å støtte deg på i ryggen, legg Ask til.

Sjølv om redningsarbeidet inne i ein tunnel er svært krevjande, er det vanskeleg å øve på det. Øving i tunnel vil krevje stengde tunnelar.

– Vi øver på tunnelar, men spørsmålet er om vi øver nok og stort nok. Ei øving tek gjerne to-tre timar, avsluttar Ask.

Video Sorg i Belgia etter bussulykken i Sveits

SJÅ TV-SAK: Sorg i Belgia etter bussulykken i Sveits.

I Sveits var det til saman 300 personar blant hjelpemannskapa. Mellom desse store mengder brannmannskap.