Hopp til innhold

Stod utan naudsamband under ulukka

Naudetatane måtte ty til mobiltelefonar då dei fredag ettermiddag rykte ut til frontkollisjonen i Bergstunnelen på riksveg 5.

Trafikkulukke i Bergstunnelen.

FRYKTAR: Trafikkulukke som denne i Bergstunnelen fredag, er noko av det naudetatane fryktar mest av alle.

Foto: MMS-tipsar

Fem personar vart frakta til sjukehus då to personbilar frontkolliderte midt i den 2,5 kilometer lange Bergstunnelen mellom Fjærland og Sogndal.

Tunnelen er ein av mange der naudetatane ikkje har samband med sine overordna sentralar.

– Det blir meir tungvint når ein skal ringe og komme i samband med Alarmsentralen og omvendt. Du går gjerne med mobilen i lomma, og i ein tunnel er det ofte mykje støy frå aggregat, bilar, vifter og arbeid. Då merkar du ikkje at det ringer, seier brannsjef i Sogndal, Hans Morten Blikset til NRK.no.

Fryktar tunnelulukker

Trafikkulukker i tunnel er noko av det naudetatane fryktar mest av alt. I midten av mars omkom 28 personar då ein buss køyrde i tunnelveggen i Sveits. Av desse var 22 born.

Om det skulle oppstå brann, vanskeleggjer det redningsarbeidet. For eventuelt fastklemde, som i ulukka i Bergstunnelen fredag, kan det vere fatalt.

Arnold Berge, som var mellom dei første til ulukkesstaden fredag, seier dei også frykta at bilane skulle byrje å brenne. Til alt hell var begge dieseldrivne.

– Det verste er når vi ikkje har samband til vår alarmsentral, og gjerne må rekvirere ytterlegare hjelp. Då avheng vi av mobiltelefon og alt blir mykje meir tungvint, seier Blikset.

Mange manglar naudnett

Men det er heller ikkje alle tunnelar som har mobildekning. I 2011 talde desse mellom 300 og 400. Norge har 947 vegtunnelar med ei samla lengde på over 1.000 kilometer.

– Ved tunnelulukker blir det trongt og ting blir veldig forsterka. Front mot front inne i tunnel er kinkige saker å komme opp i, seier Blikset.

Betre blir det ikkje når ulukkene skjer i nokon av dei over fire av fem tunnelane i landet som verken har naudsamband eller radiodekning. Blikset håpar dette endrar.

– Det er jo nytt naudnett på gang, som er rulla ut på Austlandet no. På slutten av neste år, har vi truleg det på plass også her. Då håpar vi på betre dekning enn i dag, seier han.

God samarbeid

Til ulukka i Sogndal rykte Sogndal brannvesen ut med redningsbil, førsteutrykningsbil og kommandobil. Mannskapet talde til saman åtte mann.

Blikset er nøgd med arbeidet som vart gjort. Naudetatane var raskt framme. Av dei fem som vart sendt til sjukehus, vart fire lettare skadde.

Ein 43 år gamal mann vart overflytta til Haukeland med alvorlege skader. Tilstanden var stabil.

– Eg tykte det fungerte veldig bra mellom helse, politi og oss. Ressursane var tidleg på plass og det heile vart gjort på ein veldig god måte, seier brannsjefen i Sogndal.