Hopp til innhold

Krev mobildekning i tunnelen

– Tida for å be om noko er forbi. No krev vi mobildekning, seier ein frusteret ordførar etter to alvorlege ulukker i Høyangertunnelen.

Motorsykkelulukke i Høyangertunnelen

MOBILNETT: Ordføraren nektar å krype lenger, no krev han mobilnett.

Foto: Lars Jonas Pedersen

Sidan tunnelen er utan noko form for dekning må redningsmannskapa ut av tunnelen for å få kontakt med naudetatane. Det går ikkje meiner Longva.

Kjartan Longva

KREV NETT: Høyangertunnelen må få mobildekning meiner ordføraren.

Foto: Cosmin Cosma/NRK

– I praksis betyr det at folk må komme seg ut av tunnelen, kanskje dei må gå eller eventuelt krype heile 3,5 kilometer dersom dei er midt i tunnelen. Så nå må mobilen komme på plass.

Fleire ulukker

Ordføraren er opprørt etter to alvorlege ulukker på kort tid i tunnelen. Onsdag kveld omkom ein mc-førar i tunnelen og i mai vart ein 17 år gamal gut alvorleg skadd.

9.juni vedtok Stortinget at nødnettet skal byggast ut i heile landet, men kva tid det er ferdig veit ingen, opplyser Statens Vegvesen.

Utan planar for utbygging

Heller ikkje Telenor har planer om å bygge ut tunnelen med ordinær mobildekning fordi det kostar for mykje opplyser Bjørn Amundsen som er dekningsdirektør i Telenor.

Bjørn Amundsen

TAR IKKJE REKNINGA: Telenor har ikkje planer om å bygge ut og ta rekninga sjølv, seier dekningsdirektøren.

Foto: NRK

Amundsen førelår eit spleiselag mellom Høyanger kommune og fylket for å få mobildekning i Høyangertunnelen.

– Men Telenor byggjer jo ikkje naudnett. Men vi vil gjerne ha ein dialog på dette. men eg trur ikkje det er rett at Telenor skal bygge naudnett, og i alle fall ikkje ta heile rekninga.

Politikarane jobbar med saka

Leiar i Hovudutval for samferdsle i fylkeskommunen, Arnstein Menes, seier mobildekning i tunnelar er noko dei jobbar med.

Han utelukkar ikkje eit spleiselag for å få mobildekning.

Men det vil ikkje ordførar i Høyanger, Kjartan Longva, høyre snakk om.

– Dette er ein fylkesveg så kven som har ansvaret her veit eg ikkje, men det er Telenor som har linjenettet her - i den grad dei har nett for tida - så denne rekninga får dei ta.