Spansk verft nektar skuld for at Helge Ingstad sokk
Navantia, som bygde KNM Helge Ingstad, avviser at dei kan klandrast for at fregatten sokk etter kollisjonen med tankskipet Sola i 2018.
Verftet er saksøkt av Forsvarsdepartementet for 13,3 milliardar kroner.
I 2019 inngjekk partane ein avtale om å utsette foreldingsfristen. Målet var å sikre tid til å hente inn fakta før eventuelle rettslege steg.
– Navantia venta at også den norske regjeringa etter ein faktainnhentingsprosess og dialog med oss ville konkludere med at Navantia ikkje kunne klandrast, seier ein talsperson for verftet til Teknisk Ukeblad.