Hopp til innhold

Staten krev 13,3 milliardar kroner frå Helge Ingstad-verftet

Sju år etter at fregatt-havariet i Hjeltefjorden, har staten saksøkt den spanske skipsbyggaren for 13,3 milliardar kroner.

et militærhelikopter på en strand

HJELTEFJORDEN: Påstanden til den norske regjeringsadvokaten er at en konstruksjonsfeil bidrog til havariet utanfor Øygarden i 2018.

Foto: NTB

Forsvarsdepartementet krev 13,3 milliardar kroner frå det spanske verftet Navantia for ein «sikkerheitskritisk konstruksjonsfeil» på fregatten KNM Helge Ingstad.

Påstanden til den norske regjeringsadvokaten er at feilen bidrog til havariet i Hjeltefjorden utanfor Øygarden i 2018.

Søksmålet peikar på at propellakslingane i skipet var hole, noko som gjorde at vatn kunne strøyme mellom vasstette seksjonar i skipet.

«Grovt aktlaust», påstår regjeringsadvokaten.

Tilsvarande spanske fregattar bygd av Navantia har ein annan og vasstett konstruksjon.

«Spørsmålet er om fregatten ville vore berga med dei skadane han blei påført ved kollisjonen dersom oppførte konstruksjonsfeil blir tenkt bort», heiter det i rettsavgjerda.

KNM Helge Ingstad ved skadestedet i Øygarden .

Påstanden til den norske regjeringsadvokaten er at feilen bidrog til havariet i Hjeltefjorden utanfor Øygarden i 2018.

Foto: Terje Pedersen / Terj

Systematisk svikt i rutinar og system

Det spanske verftet har innvendt at konstruksjonsfeilen blei avdekt før ulykka, og at Forsvaret tillét segling med fleire kjente avvik på fregatten, som ikkje blei utbetra.

Verftet peikar på «systematisk svikt i rutinar og system i Forsvaret og Forsvarsmateriell»

Forsvarsdepartementets beløp er basert på prisen av ny fregatt, hevinga av skipet, og ei rekke frådrag, skriv Teknisk Ukeblad.

Advokat Ole Kristian Rigland hos Regjeringsadvokaten seier til same avis at målet er å semjast gjennom mekling.

Alternativt kjem, løysinga først når saka blir behandla av tingretten til hausten.

– Dette er ein igangverande rettsprosess, og Navantia meiner derfor at det ikkje er formålstenleg å komme med fleire kommentarar på dette stadiet, uttaler ein talsperson for Navantia til Teknisk Ukeblad.

Fregatten Helge Ingstad krenger heftig i vannskorpen

Det spanske verftet meiner Forsvaret kan skulde seg sjølv.

Foto: Kystvakten

– Forsvaret har dårleg erfaring med skip frå utanlandske verft

I 2019 fekk eit dyrt innkjøpt krigsskip frå Sør-Korea seglingsforbod etter at Forsvarets materielltilsyn avdekte fleire avvik etter berre sju månader.

Erfaringa med innkjøpte krigsskip har vore brukt som argument for å styre meir av produksjonen «heim».

– Forsvaret har dårleg erfaring med skip dei har skaffa seg frå utanlandske verft, uttalte Eddy Njåstad Nynes i NITO i fjor.

Han la til:

– Politikarane bør sjå på verfta som ein del av beredskapen. I ein eventuell krig så må vi kunne reparere skipa i Noreg.

Les også Norske verft forventar å ta del i forsvarsløftet

Rosenberg Verft på Buøy i Stavanger. Skipsverft ble grunnlagt i 1896 og er fortsatt en stor arbeidsplass i med 2500 - 3000 arbeidere.

Les også «Nynorsk-triks» kan blåse liv i norske verft

Heltotal av hall i Rosenberg-verftet. I midten står en arbeider blant store konstruksjoner.