Vestlandslegen kjem til Førde
Regjeringa foreslår 20 nye studieplassar i medisin til Vestlandslegen i Førde. Dette er ei utviding av Universitetet i Bergen sitt tilsvar på legemangelen, spesielt i distrikta.
Forsking- og høgare utdanningsminister Oddmund Hoel (Sp) presiserte viktigheita av ei desentralisert medisinutdanning då han sleppte nyhenda under ein seanse ved sentralsjukehuset i Førde.
– Det handlar om beredskap, det handlar om kvalitet og det handlar om nasjonal tryggleik, sa han.
Ordninga vart starta opp i fjor, då med studieplassar i Stavanger. Ordførar i Sunnfjord, Jenny Følling (Sp), er godt nøgd.
– Det ligg i framlegget at når ein skal ta legeutdanning, så skal ein gå tre år i Bergen, og dei tre siste åra i Førde. Då får ein utplassering i området her, og vil utdanne dei her.