Hopp til innhold

Desse DNT-hyttene var mest besøkt i 2023

Flokehyttene i Sveio i Vestland er framleis dei mest populære hyttene i Den Norske Turistforening (DNT), heiter det i ei pressemelding. Hyttene i Sveio gjekk også til topps i 2022. Fleire andre hytter i Vestland fekk også ein plass på topplista. På andreplass kom Kiellandbu i Stølsheimen, medan Skålatårnet i Loen hamna på fjerdeplass. Den mest populære turen i DNT i 2023 var Dronningstien i Ullensvang kommune.

Flokehyttene, Sveio
Foto: Olav Røli / NRK