Hopp til innhold

Vil bruka bompengar til utgreiing av bybane i tunnel: – Latterleg frekt

– Vårt utgangspunkt er at tunnelutgreiinga skal betalast med bompengar, seier finansbyråd Eivind Nævdal-Bolstad (H) til BA.

Geir Steinar Dale (Ap) meiner det ikkje heng på greip, når byrådet vil ha lågare bompengar.

Høgres byrådsleiar Christine Meyer (biletet) meiner eit fleirtal i lokalvalet ønska ei ny tunnelutgreiing som har tillit i befolkninga, og at byrådet derfor må gjera jobben ein gong til.

Thor Haakon Bakke (MDG) meiner valresultatet tvert om viste flertal for Bybanen langs Bryggen, fordi Høgre hadde lova veljarane å godta den traséen.

– At byens mektigaste person bidrar til å spreia konspirasjonsteoriar, er både grovt og uverdig, hevdar han til BA.

– Når Meyer først bløffa seg til makta, er det heilt latterleg frekt å misbruka fellesskapets midlar til å betala for konsekvensen av løftebrotet, meiner han.

Christine Meyer på første dag som byrådsleiar
Foto: Leif Rune Løland / NRK