Hopp til innhold

Tre personar involvert i ulukke i Åsane

Naudetatane rykker ut til ei ulukke på Hjortlandsvegen på Flaktveit i Åsane. To bilar med tre personar og to hundar er involverte, melder politiet klokka 14.07. Ein bergingsbil er også på plass. – Ambulanse er på veg for å sjå til dei involverte. Alle er medvitne og ingen fastklemte. Det er litt uklart for oss kva som har skjedd, seier operasjonsleiar Stine Mjelde.