Hopp til innhold

Dronesikta russar ankar fengsling til Høgsterett

Den russiske mannen som blei arrestert for å ha floge drone i Ullensvang i Hardanger førre veke ankar avgjersla om varetektsfengsling. Det seier mannens forsvarar, Einar Råen, til NRK.

Gulating lagmannsrett bestemte i går at mannen i 30-åra skal varetektsfengslast til 18. november, etter at politiet hadde anka avgjersla til tingretten om å sleppe han fri.

– Kjenninga er no, saman med ein russisk tolk, gjennomgått med min klient. Han har bestemt seg for å anke saka, seier Råen.

Russaren er sikta for ulovleg droneflyging. Han har sjølv erkjent å ha floge drone i Hardanger, men meiner han ikkje visste at det var ulovleg. Ifølge han sjølv tok han bilete av naturen til privat bruk.

Tingretten meinte han burde settast fri fordi han ikkje hadde tatt bilete av viktig infrastruktur. Lagmannsretten meinte likevel at handlinga var så alvorleg at mannen burde fengslast.

Saka skal no vurderast av Høgsterett.