Hopp til innhold

Retten vil setta fri russaren som flaug drone i Hardanger

Tingretten meiner russaren berre tok naturbilete då han flaug drone i Hardanger. Men politiet anka på staden, så mannen blir sittande i varetekt.

Einar Råen, advokat

FORSVARAR: Einar Råen er russaren sin forsvarar. Laurdag var han i fengslingsmøte i Hordaland tingrett.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Laurdag vart saka behandla i Hordaland tingrett. Politiet ville at han skulle bli sittande i varetekt i fire veker, men retten avviste kravet.

Den russiske mannen er ein av fleire som akkurat no sit fengsla i Noreg, sikta for brot på sanksjonslova. Den seier at russiske borgarar ikkje får fly drone i Noreg, og kom som eit resultat av krigen i Ukraina.

Dommaren la mellom anna til grunn at det ikkje er haldepunkt for at den sikta har filma eller tatt bilde av noko anna enn natur.

– Eg bygde eit resonnement som eg oppfattar retten har forstått. Skal ein få ei straff, må ein vita at det du har gjort er straffbart. Kor lett tilgjengeleg er denne informasjonen? spør Einar Råen, som er mannen sin forsvarar, retorisk då NRK snakkar med han laurdag kveld.

Blir sittande likevel

Men mannen blir likevel sittande i varetekt sidan politiet anka på staden. Dei bad om at anken får oppsettande verknad, som betyr at avgjerda ikkje blir sett i kraft før lagmannsretten har behandla anken.

Råen måtte fortelja klienten at han i alle fall blir sittande over helga i varetekt, til lagmannsretten har behandla anken.

Torsdag vart mannen gripen av politiet i Ullensvang etter at han flaug med ein drone. Russarar har ikkje lov å fly dronar i Noreg, som følgje av sanksjonane etter at Russland invaderte Ukraina.

Var i kontakt med politiet på Sørlandet

Russaren har fortalt at han var i kontakt med politiet i Valle i Agder den 13. oktober. Der skal han ha fått opplyst at det ikkje var ulovleg å fly med drone så lenge han berre filma naturen.

– Politiet såg på videoen han hadde filma og ønskte han meir eller mindre god tur vidare, seier forsvararen.

Vidare i rettsavgjerda står det at han fortel at han ikkje fann tydeleg informasjon på internett om forbodet før han reiste til Noreg.

– Han er her som turist og har tatt bilde av natur. Han har ikkje hatt forståing for at det var straffbart det han gjorde, seier Råen.

– Først var han veldig forvirra for kvifor han var arrestert. Han var i kontakt med politiet for ei veke sidan. Då fekk politiet sjå kva han hadde filma, og han fortalde kvar han skulle vidare. At han no vart pågripen på nytt gjorde han først forvirra. No er han også fortvila, seier Råen.