Hopp til innhold

Statkraft bøtelagt etter gravearbeid i nasjonalpark

Statkraft Energi AS har vedteke eit førelegg på 100.000 kroner for brot på naturmangfaldloven og forskrifta om Jostedalsbreen nasjonalpark. Bakgrunnen for førelegget er at selskapet ikkje var tilstrekkeleg aktsam då dei starta arbeid innanfor nasjonalparkgrensa utan å ha løyve til dette, skriv politiadvokat Kjell Linge Tomren til NRK. Dette skjedde våren 2019, og Statkraft la seg då flate for å ha gjort arbeid innanfor grensa utan løyve.