Melder Statkraft til politiet for gravearbeid i nasjonalpark

Statkraft legg seg flat etter at store maskinar rulla inn i verna sone i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

Utan lov starta Statkraft anleggsarbeid i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

SIKRING: Utan å gjere tiltak i Fåbergstølselvi fryktar Statkraft at einaste vegen til Jostedal kraftverk sitt hovudmagasin kan bli øydelagd i ein ny flaum.

Foto: Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre

Våren 2019 gjekk det gale då Statkraft skulle drive arbeid med flaumsikring langs Fåbergstølselvi i Luster kommune.

Elva ligg Jostedalsbreen Nasjonalpark, og under arbeidet kom gravemaskinar og dumparar inn i verneområdet til nasjonalparken.

– Dette er ein grov overtramp. Folk blir melde til politiet for langt mindre ting enn dette.

Slik forklarar styreleiar i Jostedalsbreen Nasjonalpark, Ivar Kvalen, kvifor dei no melder Europas største produsent av fornybar energi til politiet. Kvalen er også ordførar i Luster.

Arbeidet i mai i fjor vart stoppa.

Kraftverkssjef for Statkraft i Sogn, Geir Orrestad, seier dei legg seg flate.

– Vi gjorde arbeid innanfor grensa utan løyve, seier han.

Orrestad ynskjer ikkje å gi fleire kommentarar då saka blir etterforska av politiet.

– Lova er lik for alle

Ordførar Ivar Kvalen i Luster.

DIALOG: – Vi har hatt god dialog, og Statkraft har lagt seg flate for glippen som har skjedd her, seier ordførar i Luster, og leiar i Jostedalsbreen Nasjonalparkstyre, Ivar Kvalen.

Foto: Ragnhild Myklemyr / NRK

Nasjonalparkstyret bestemte seg før jul for å melde kraftgiganten for brot på vernereglar og naturmangfaldlova.

Samstundes sa dei også ja til at Statkraft fekk gjere ferdig arbeidet som var starta.

Kvalen seier det handlar om å statuere eksempel på at ein må søkje før ein gjer inngrep i ein nasjonalpark.

– Det handlar om å behandle alle likt. Uansett om det er grunneigar, turgåar eller eit stort konsern, så er lova lik for alle, seier Kvalen.

Fleire hundre meter

Bakgrunnen for tiltaket er flaumen som råka kommunen hausten 2018 .

Utan lov starta Statkraft anleggsarbeid i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

FØREBYGGING: Statkraft var godt i gang med å gjere tiltak for å hindre at Fåbergstølselvi tek nye vegar i framtida.

Foto: Jostedalsbreen Nasjonalpark

I ei tid med auka risiko for styrtregn, aukande bresmelting og meir ustabilt klima fryktar Statkraft at einaste vegen til Jostedal kraftverk sitt hovudmagasin kan bli øydelagd i flaum.

Statkraft fekk løyve frå NVE til å gjere arbeid utanfor grensa. Dei hadde ikkje løyve til arbeid fleire hundre meter innanfor verneområdet.

– Ein stor og profesjonell aktør på nettopp dette området, burde vite at ein må søke før ein gjer slike tiltak i ein nasjonalpark, seier Kvalen.

Får fullføre arbeidet

I etterkant har nasjonalparkstyret gjeve Statkraft løyve til å fullføre arbeidet.

– Reglane er strenge. I utgangspunktet er all motorisert aktivitet eller inngrep i naturen innanfor nasjonalparken forbode. Det skal i alle fall søkast om, held Kvalen fram.

– Er det ikkje motstridande at de melder tiltaket, men likevel gir løyve til å fullføre?

– Overtrampet var så stor at vi hadde ikkje anna val enn å melde Statkraft for brot på føreskriftene som gjeld nasjonalparkar. Vi vurderte også at inngrepet ville bli større om dei skulle føre tilbake naturen.

Skal lite til

Statkraft vurderte sjølv at tiltaket utanfor vernegrensa kunne gjeve same effekt. Det vart vurdert som langt meir omfattande og synlege.

– Det er mange gode argument for tiltaka, men dei gjorde det i feil rekkefølgje, seier Kvalen.

Styreleiaren trur ikkje folk er klare over kor lite som skal til for å bli melde for aktivitet innanfor verneområde.

For fem år sidan fekk Aurland kommune 50.000 kroner i bot etter at dei gjorde arbeid innanfor vernegrensene til Nærøydalen landskapsvernområde.

Folk risikerer å bli melde for sykle elsyklar , fly drone eller gjere tiltak på hytta.

I 2018 vart også to personar melde etter at dei monterte boltar og kjettingar for å gjere det tryggare å gå i Briksdalen .

– Det var gode argument for å gjere det, at folk skal kjenne seg trygge. Men i nasjonalparkar er det på eige ansvar. Her skal det vere urørt natur, seier Kvalen.

Utan lov starta Statkraft anleggsarbeid i Jostedalsbreen Nasjonalpark.

INNGREP: Elveførebygging, uttak og deponering av masse, samt motorisert ferdsle med store maskiner i urørt natur er det Statkraft blir etterforska for.

Foto: Jostedalsbreen Nasjonalpark