Hopp til innhold

Alle på brua til «Helge Ingstad» handla uaktsomt

Det meiner Riksadvokaten. I går vart det kjend at Forsvarsdepartementet får ti millionar kroner i føretaksstraff etter fregattkollisjonen i 2018. I sin konklusjon skriv Riksadvokaten at det er grunnlag for personleg straff til navigatøren som hadde ansvaret om bord, men at og "brobesetningens samlede atferd må karakteriseres som uaktsom". I sin konklusjon framhevar Riksadvokaten at det generelt var lite erfaring hjå dei seks personane på brua, og at styrbord utkikksposisjon stod tom som følgje av etepausar i rundt eit kvarter den natta.

Helge Ingstad-havari
Foto: Cornelius Poppe / NTB