Hopp til innhold

Politimelde drapssikta i vinter

I vinter melde Ove Mikal og Marita Kallestad mannen (29) som er sikta for drapet på Sunniva Borgen i Åsane for ein valdsepisode. Til BT fortel ekteparet at sonen deira kom heim blodig og forslått etter ein fest. Paret høyrde ingenting etter meldinga, men fekk ein telefon frå politiet etter drapet i september. – Då ville dei ha informasjon om politimeldinga vår, seier Ove Mikal Kallestad til avisa.