Hopp til innhold

Sogndal sender keeper på lån

Sogndal sin reservekeeper Kjetil Haug skal spele resten av fotballsesongen på lån i Elverum. Det melder klubben på sine nettsider. Haug kom til Sogndal frå Manchester City før sesongstart, og har førebels berre vakta buret i to cupkampar. For å få speletid sender difor Sogndal keeperen til det opprykksjagande 2. divisjonslaget.